Ny kantor: Natalia Furmankova er Seljord sokn sin nye kantor. Nå har ho flytta pianoet sitt inn på Seljord kyrkjekontor og er klar å gjera seg kjent med resten av bygda.

– Musikk er eit viktig og verdskjent språk som går frå hjarte til hjarte

Natalia Furmankova er nytilsett kantor i Seljord. Ho meiner musikk er Guds gåve til folket.

Etter nesten 22 år med Keith Griggs var seljordingane ganske bortskjemde med kyrkjemusikk i toppklasse. Då han varsla at han ville gå av med pensjon tidlegare i år var soknerådsleiar Bergit Lisleåsheim Telnes alvorleg redd for at Seljord sokneråd ville streve med å få søkarar til den ledige stillinga. Slik gjekk det ikkje. Soknerådet fekk ti søknadar, og kalla inn fire til intervju. Ingen i intervjunemnda var i tvil då dei hadde høyrt Natalia Furmankova spele. Ho var rett kantor for Seljord.

– Nå har Seljord fått nok ein kantor i verdsklasse, seier Telnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei begeistra

Natalia er frå St. Petersburg i Russland. Der har ho fått ei allsidig utdanning både på piano og orgel. I ti år har ho vore kantor i Storfjord i Nord-Troms. Ho snakkar difor godt norsk, og er kjent med den norske kyrkjeordninga. Ho blei ønskt velkomen på ei gudsteneste i Manndal kapell sundag 23. august. Alt før det spelte ho i ei gravferd der fleire i forsamlinga blei svært begeistra for spelet hennar.

– Eg er glad for å kunne ta del i dei viktigaste augneblikka til folk. Musikk er eit viktig og verdskjent språk som går frå hjarte til hjarte. Eg håpar alle forstår meg gjennom musikken, seier Natalia.

Ho meiner musikken kan reinse og er ei Guds gåve til folket.

– Musikken harmoniserer folks liv, seier Natalia.

Har kome til rett plass

Seljords nye kantor voks opp i ortodoks tradisjon i St. Petersburg. Ho kjem frå ein kunstnarisk familie. Far hennar var ein kjent kunstmålar i Russland. Mora var arkitekt. Døtrene hennar er veldig musikalske.

Musikkinteressa hennar kom då ho byrja på musikkskule som sjuåring. Musikken følgde ho heile skulegangen. Etter fire år på russisk musikkonservatorium og ferdig mastergradutdanna som 31-åring hadde ho 24 års musikalsk skulegang bak seg. Natalia jobba 25 år som musikklærar for gutekoret «Glinka», som er Russlands svar på norske Sølvgutane.

– Glinka er verdskjende. Eg fekk reist til Sør-Korea og mange land i Europa saman med koret, seier Natalia.

Då ein tidlegare elev av ho fekk jobb i Kvænangen bad han Natalia om privatundervising i orgelspel. Ho hadde alltid drøymt om å reise til Noreg, men hadde aldri fått tatt turen – heilt fram til den tidlegare eleven ville ha orgelundervising. Det enda med at han hjelpte henne til å få jobb som kantor i Lyngen og Storfjord i 2010.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natalia kunne bare kommunisere på russisk og tysk då ho flytta til Noreg for ti år sidan. Då var ho 49 år. Nå snakkar ho flytande norsk. Etter ti år i nord, blei ho innbyggar i Seljord 15. august.

– Eg er glad i natur og folkemusikk, så eg har kome til rett plass, seier Natalia, som synest ho er blitt godt motteken av kollegaer og innbyggarar elles i Seljord.

Ho har fått omvising i kyrkjene i Seljord og gler seg til å kome i gang med musikken.

– Det beste orgelet står i Flatdal kyrkje. Keith Griggs var med og fekk det på plass der. Han kallar det sin baby, avsluttar ho.