10. trinn, her ved Kevin Hansen, Gaute Breivik Hvistendahl og Aksel Aamlid kosar seg med kakao, peparkaker og spel.

Mot til å glede på skulen

Fredag 21. november markerte Gimle skule i Fyresdal «MOT til å glede-dagen».

Publisert

Då elevane kom på skulen denne morgonen, vart dei møtt med raud løpar og faklar. På pultane låg det fine ord til kvar enkelt elev, og fyrste økta gjekk med til kos med peparkaker, kakao og brettspel, melder koordinator for førebyggande arbeid i Fyresdal, Nina Breivik.

Mikkel Breivik Hvistendahl får gleda av å bli møtt med raud løpar og faklar.

Ho fortel at elevane på mellom- og ungdomstrinnet fekk bryne seg på ein kahoot der dei tilsette hadde sendt inn funfacts om seg sjølve. Dette skapte både overrasking og beundring blant elevane, som fekk høyre om ting dei vaksne hadde opplevd og kunne. Småtrinnet var ute og spela stikkball saman med dei vaksne.

Det vart òg arrangert felles lunsj på trinna, sponsa av Joker og Spar, noko elevane sette stor pris på. Etter maten vart mellom- og ungdomstrinnet utfordra i kanoballkamp mot dei tilsette. Dei tilsette hadde førebudd seg godt, med både eige lagnamn og song som vart spela då laget entra banen. Dette gav ekstra latter og moro for alle.

Breivik fortel at tilbakemeldingane frå både tilsette og elevar har vore svært positive, og alle er einige om at dei ønskjer seg fleire slike dagar. 

– MOT handlar om «MOT til å leve, MOT til å sei nei og MOT til å bry seg», og denne dagen kunne ein krysse av på alle boksane – både for elevar og vaksne, seier ho.

Dei tilsette er klare for kamp med lagnamnet «Kills that skills». Framme frå venstre: Nils Kristian Moe, Andrea Veum Sveinsson, Hedda Skyum, Nina Breivik, Hege Tovslid Johannessen og Dani Sauvik. Bak frå venstre: Anne Berit Libjå, Anders Bergsland og Åsne Lien.
Fleire glimt frå Mot til å glede på Gimle skule i Fyresdal.
6. trinn hadde Kahoot.
10. trinn mot dei tilsette.
8. trinn mot dei tilsette i kanonball.
Andrea Veum Sveinsson passar på at alle på mellomtrinnet får seg mat.
10.trinn, her ved Kevin Hansen, Gaute Breivik Hvistendahl og Aksel Aamlid. Kosar seg med kakao, pepperkaker og spel.
Eirin Dalen gjer klart kakao til elevane.
7. trinn ved Gimle skule har fått servert lunsj.
Powered by Labrador CMS