Onsdag er det moglegheit for å sjå nordlys – også i Sør-Noreg. Arkivfoto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB / NPK

Moglegheit for nordlys onsdag – også i sør

Onsdag er det vårjamdøgn og perfekte forhold for nordlys. Sjølv i Sør-Noreg kan det bli mogleg å sjå dei spektakulære fargane på himmelen.

– Det er i snitt meir nordlys rundt haustjamdøgn og vårjamdøgn, skriv fagsjef for romforsking Pål Brekke ved Norsk romsenter i ein e-post til Forskning.no

Brekke forklarer at dei magnetiske polane på jorda under haust- og vårjamdøgn står i rett vinkel mot straumen av solvinden, noko som gjer solvinden og solstormar meir effektive. Det blir då ei optimal stilling for å få lada partiklar frå sola og dermed generere kraftig nordlys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordlyset blir skapt når stormar av lada partiklar frå sola treffer magnetfeltet som strekkjer seg rundt jordkloden. Partiklane følgjer magnetfeltet innover mot polområda. Når solpartiklane treffer lufta i atmosfæren, lagar dei lyset som vi kan sjå på himmelen.

Brekke understrekar likevel at det ikkje finst nokon garantiar for at nordlyset blussar opp rundt jamdøgna. Alt avheng nemleg av sola.

– Nordlysaktiviteten følgjer aktivitetssyklusen til sola. Kvart ellevte år går sola gjennom ein periode med høg aktivitet, kalla solmaksimum, etterfølgt av omtrent fem år med ein rolegare periode, kalla solminimum. Under solmaksimum er det mange solstormar, og under solminimum er det færre.

Til slutt tenner han håpet for ivrige nordlysjaktarar.

– Akkurat no er vi nær solmaksimum og har derfor opplevd usedvanleg mykje nordlys denne vinteren.

(©NPK)