Mista livet då han var på fisketur
Det var Kåre Harald Nygård (80) frå Dokka som omkom i drukningsulykka i Vågslivatnet i Vinje laurdag.
Det opplyser politiet i ei pressemelding måndag. Nygård fall i vatnet i samband med ein fisketur. Det blei forsøkt hjarte- og lungeredning, men livet stod ikkje til å redde.
Namnet på den omkomne blir frigjeve i samråd med dei pårørande, opplyser politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.14 laurdag føremiddag.