Lystenning: Annette Forsdal Halvorsen ( tv) har arbeidd som fengselsbetjent i leiren, medan Else F. Metveit og Ragnhild Berge har vore visitorar i leiren i mange år.

Minnesamvær for fangeleiren

Ei lang og unik fengselshistorie vart markert i Veum kyrkje sundag kveld. Mange kom til kyrkja for å markere at dei er lei seg fordi Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend er nedlagt. Utanfor lyste faklar og inn i kyrkja var det mange som nytta høve til å tenne lys i lysgloben.

Kyrkjelyden i Fyresdal har hatt nær kontakt med dei innsette i skogsleiren. Etter gudstenesta i Veum kyrkje var det minnesamvær i den gamle kyrkjestugo.

Minnesamvær: Olav Inge Nordbø ( tv) og Håkon Nordskog

Olav Inge Nordbø frå A/T Skog har tidlegare hatt ansvaret for å finne arbeidsoppgåver til leiren, og kunne fortelje at leiren har ligge på same plassen sidan 1980. Før det var leiren på vandring kring i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håkon Nordskog frå Kviteseid tok til i Kleivgrend i 2000, no har han vore pensjonist i nokre år, men meiner ein missar mykje god kriminalomsorg når leiren vert lagt ned.

Kyrkjelyden har vore takksam for kontakten med fengselet og i 2000 var det ein gjeng frå fengselet som skreiv ein song dei framførte på kyrkjelydens julekonsert. Her heiter det:

Veum kirke er ganske liten,

Men takhøyden er likevel stor

Her kan vi tenke, vi kan forsake

Og når menigheten synger, så synger vi i samme kor

Så også vi kan glede Herren litt tilbake

Vi får fylt våre hjerter med nestekjærlighet

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi blir rike selv om vi står avkledde og nakne

Og i menighsløshets mørk blir vi glade for nettopp det

Et snev av mening, et lite håp og menneslelig varme

Eilev Erikstein

Ljos: Fakkelboks utanfor Veum kyrkje.