Myr har blant anna stor evne til å halde på vatn og kan også vere ein barriere for spreiing av skogbrann. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Miljødirektoratet foreslår forbod mot nedbygging av myr

Miljødirektoratet foreslår å forby nedbygging av myr. Forbodet skal vareta trua artar og vil gjelde all myr, som svarer til 9 prosent av arealet i Noreg.

– Vi foreslår eit forbod mot nedbygging av myr som vil hindre frigjering av klimagassar som har vore lagra i tusenvis av år, sikre framtidig karbonbinding og samtidig bidra til at over 600 artar på raudlista får behalde heimane sine, seier Miljødirektoratet-direktør Ellen Hambro.

Forslaget baserer seg på eit oppdrag Miljødirektoratet fekk frå Klima- og miljødepartementet om å utarbeide eit forslag til forbod mot nedbygging av myr til utbyggingsformål.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forslaget som no er klart, vil det berre vere mogleg å gi løyve til bygging i myr viss tiltaket er heilt nødvendig av omsyn til vesentlege samfunnsinteresser. Det kan til dømes gjelde bygging av samfunnskritisk infrastruktur.

Både utbyggarar, grunneigarar og kommunar som ønskjer å byggje på myrareal vil få avgrensingar i arealbruken sin og må anten redusere utbygging eller finne andre eigna areal for utbygging.

– For at forbodet reelt sett skal redusere nedbygging av myr, slik hensikta jo er i Stortingets oppmodingsvedtak, har vi foreslått eit strengt regelverk. Forslaget vil få konsekvensar for fleire aktørar som får avgrensa fridom i arealbruken. Vår vurdering er likevel at dette lovendringsforslaget er eit viktig steg for å nå Noregs internasjonale forpliktingar både i natur og klimaavtalen, seier Hambro

Norsk institutt for naturforsking publiserte i fjor haust ein rapport som viser at kommunane har sett av 164 kvadratkilometer myr til utbyggingsformål.

Viss 164 kvadratkilometer myr blir bygde ned, vil det gi eit samla klimagassutslepp på mellom 19 og 55 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Til samanlikning var dei samla norske klimagassutsleppa i 2022 på 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

(©NPK)

Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet fortel at dei har foreslått eit strengt regelverk. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK