Mikkel (13) gjer det godt i alpint. – Alt handlar om å få det til å gå fortare
Mikkel Groven-Robertsen (13) frå Seljord har brukt store delar av livet sitt i skibakken. No trenar han alpint fleire gonger i veka og har alt levert sterke resultat i konkurransar mot dei beste i landet.
– Eg har vel alltid vore glad i å stå på ski, og hugsar ikkje anna, svarar Mikkel på spørsmål om når interessa for alpinkøyring starta.
Han byrja å køyre aktivt då han gjekk i 2. klasse, og familien reiste då til Lifjell i Bø for å bli med i alpinmiljøet der. Men med tida vart både miljøet for lite og bakken for flat. No er Mikkel på alpintrening på Kongsberg to til tre gonger i veka. Sjølv om han trenar med Kongsberg, køyrer han for Seljord IL.
Lekser i bilen
Å kombinere trening med skule, krev planlegging. Bestefaren hentar han på skulen dei dagane han skal til Kongsberg. Han lagar middag, medan Mikkel pakkar sekken og får gjort litt lekser. Når foreldra kjem heim, set dei seg i bilen og køyrer vidare.
– Nokon gonger må eg gjera lekser i bilen, fortel Mikkel.
At han toler bilkøyring, er heilt avgjerande for at leksene blir gjort.
– Det hadde nok ikkje gått om eg blei bilsjuk, smiler han.
Fire disiplinar
Mikkel forklarar at alpint handlar om å køyre raskast mogleg gjennom ei løype med portar. Det kan høyrast enkelt ut, men det er mange detaljar og pirkarbeid som må trenast på.
Han fortel at treningane har ulikt fokus frå gong til gong.
– Alt handlar om at ein skal få det til å gå fortare. Det er det som er poenget.
I alpint finst det fire disiplinar: slalåm, storslalåm, Super-G og utfor. Men utfor får ein ikkje starte med før ein er 16 år. Mikkel fortel at han for det meste trenar slalåm og storslalåm.
Har du ein favorittdisiplin?
– Det varierer veldig, men akkurat no er eg kanskje mest glad i slalåm. Og så er det moro med Super-G når eg får køyrt det. Men eg er veldig glad i alle. Alt er gøy, understrekar han.
Mikkel er tydeleg på at han likar fart. Nyleg var han på fartssamling på Hafjell.
– Der køyrde eg i 98 kilometer i timen, fortel han entusiastisk.
– Og så hoppa eg kanskje 35 meter på det lengste.
Hender det at du er redd?
– Av og til, men det er berre i røff Super-G, fortel han.
Korleis er det for dykk som foreldre å sjå på?
– Det ser eigentleg veldig kontrollert ut, seier mamma Anette Groven-Robertsen.
Sterke resultat
Resultata viser at Mikkel gjer det godt, særleg i slalåm. Han har mellom anna deltatt i førjulscupen på Geilo, som er eitt av dei største renna for aldersgruppa. Mikkel blei nummer 5 i slalåm og 6 i storslalåm og Super-G.
I januar var han igjen på Geilo, i rennet som er kvalifisering til internasjonalt barneskirenn. Dei to beste samanlagt over to dagar får reise til Italia, og dei ti beste kjem vidare til talentcamp i regi av Noregs Skiforbund. Trass i ein litt dårleg dag blei han topp-ti samanlagt.
– Då blir det talentcamp i sommar, smiler han.
Han legg ikkje skjul på at han vart ekstra glad då han skjøna at han hadde kome seg vidare.
Mikkel fortel ivrig om idretten sin, og kor mykje som krevst for å bli god. I alpint er marginane små, og ein liten feil kan koste mykje. Teknikk og timing må sitje. Akkurat no er det timinga han jobbar mest med.
– Eg må starte svingen akkurat tidsnok for å få med meg nok fart ut av svingen. Det er mykje fysikk i alpint, understrekar han.
Kva er det beste med å køyre alpint da?
– Det er fartskjensla. Det er gøy å køyre svingane, kjenne at ein får det til og at det stemmer.
Fleire hobbyar
Som om ikkje alpint var nok, driv Mikkel også med fleire andre aktivitetar, som friidrett. Han deltok nyleg på Tyrvingleikane, der han deltok i 200 meter, stavsprang, 600 meter, lengde og høgde.
– Eg har ingen ambisjonar, men eg synest det er moro, seier han.
Han prøvar også å få gått litt langrenn, men det blir mest rulleski.
– På vinteren er det litt få dagar i veka, seier Anette og ler.
I tillegg tek Mikkel også fiolintimar kvar måndag.
– Fiolinlærarane har vore veldig greie og tilpassa for meg. Dei har lagt til rette for at eg kan få spele fiolin rett etter skulen, seier han.
Men prioriteringa er klar.
– Det blir ski over fiolin! Og for så vidt over alt anna også, smiler han.
Familieprosjekt
Foreldra er tydelege på at dette ikkje hadde gått utan at alle i familien er med. Pia Groven-Robertsen er Mikkels trenar utanfor skibakken, og det er også ho som har hovudansvaret for skipreppinga.
– Det er ganske mange timar i preppebua, seier ho.
– Den preppinga er eit æveprosjekt, legg Anette til.
Pia, som sjølv var aktiv alpinist, seier ho synest det er moro, sjølv om det tar mykje tid.
Familien reiser også ofte til Gaustablikk i helgene, der dei har leilegheit. Der blir det mykje trening, og foreldra er med som støtteapparat og tilretteleggjarar.
– Det er veldig moro at Mikkel er så ivrig. Eg synest det er frykteleg moro å fylgje han opp, seier Pia.
Ho meiner også at dei mange timane i bil har ein verdi.
– Me kan få mange gode samtaler. Det er ikkje mange foreldre som er så heldige og får bruke så mykje tid med ungane sine, seier ho.
Diabetes og cøliaki
Då Mikkel var fire år, fekk han både diabetes type 1 og cøliaki. Men det set ingen stoppar for hans aktive liv.
– Heldigvis blir ikkje blodsukkeret så påverka av å stå på ski, seier han.
Anette meiner til og med at alpint kan ha positiv innverknad på sjukdommen.
– Blodsukkeret er veldig bra når du er på ski, vil eg påstå.
Mikkel fortel at han ofte gløymer sjukdomen når han står på ski.
– Då tenker eg ikkje på at eg har diabetes. Og så hugsar eg på det igjen når eg skal eta, smiler han.
Familien har valt å sjå på diabetesen som noko positivt.
– Me ser på det som ei superkraft, fortel foreldra.
– Fordi eg må eta regelmessig og sunt, forklarar Mikkel.
Foreldra understrekar at det krev ekstra planlegging, og at dei alltid må ha med mat.
– Me må alltid ha med niste, men det er det også andre barn som har nytt godt av, seier Anette med eit smil.
Familien har heile tida vore opne om at Mikkel har diabetes.
– Det har vore viktig for oss. Når folk rundt han kjenner til det, veit dei òg kva dei skal gjere dersom blodsukkeret blir for lågt, seier dei.
Mikkel er einig.
– Eg har diabetes, det er ingenting å skamme seg over. Og viss eg ligg på bakken og ikkje svarar, så er det fint om du gjev meg litt sukker, seier han og smiler.
Samtidig har han ein stor draum.
– Draumen er å bli den fyrste verdsmeisteren i alpint som har diabetes, seier han.
Store mål og klare ambisjonar
Mikkel legg ikkje skjul på at han vil langt. Eit kortsiktig mål er å kome inn på skigymnas.
– Men det skal eg, seier han bestemt.
Han har fleire konkrete mål for framtida.
– Eg vil gjera det bra på Telenorleikane denne sesongen, topp-5 i ein disiplin og topp-10 i alle. Så hadde det vore gøy å vinne eit verdscuprenn, og så kan eg godt vinne OL også, smiler han.