– På tide å finne fram badetøyet i Sør-Noreg, varslar Meteorologisk institutt. Denne veka kan gradestokken bikke 30 grader, og det vil bli varmt i nesten heile landet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Meteorologane varslar opp mot 30 grader i Sør-Noreg denne veka

Dei høge sommartemperaturane er tilbake for fullt. Det blir varmt i store delar av landet denne veka, og gradestokken kan vise over 30 grader i Sør-Noreg.

Juli vart ein kald månad i store delar av landet. På Austlandet vart det den kaldaste julien månad på 50 år.

Starten av august har likevel bode på langt høgare temperaturar, og det ligg no eit høgtrykk over landsdelen. Meteorologane varslar at sommarvarmen vil halde fram ut veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Onsdag og torsdag blir dei varmaste dagane i sør, med opp mot 30 grader enkelte stader, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt til NRK.

Temperaturane vil vere høge over heile Sør-Noreg. Nord-Noreg, som gjennom heile juli kunne glede seg over høge sommartemperaturar, får no litt meir normale temperaturar med 20 grader som makstemperatur.

– Det blir ikkje akkurat kaldt, men vi har nok vorte litt bortskjemt. Det blir ikkje strålande sommarvêr, men det blir ikkje dårleg heller. Litt meir typisk vêr for nord sin del, seier Sarchosidis, som sjølv har kontor i Tromsø.

– Tysdag ser ut til å bli nokså fin for heile landet, med Finnmark som eit unntak, dessverre, seier han.

(©NPK)