Natt til laurdag blir det kaldt og snøvêr i fjellet i Sør-Noreg, varslar meteorologane. Dei rår bilistar med sommardekk til å planleggje reisa godt.Foto: Ned Alley / NTB/ NPK

Meteorologane med sommardekk-åtvaring – kjem snø i fjellet i helga

Natt til laurdag blir det kaldt og snøvêr i fjellet i Sør-Noreg, varslar meteorologane. Dei rår bilistar med sommardekk til å planleggje reisa godt.

– Skal du køyre over fjellet med sommardekk, rår vi deg til å reise fredag kveld eller vente til utpå dagen laurdag, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Det er venta nedbør som kan komme som snø på fjellovergangane inn mot helga, skriv dei.

Dei utsette fjellovergangane er i områda rundt Dovrefjell, Strynefjell, Sognefjell, Valdresflya, Filefjell, Hardangervidda og Haukelifjell.

(©NPK)