Smitta KOS-bebuar er heilt skjerma

Fredag kom nyhendet om at ein bebuar på Kviteseid omsorgssenter har fått påvist koronasmitte. Rådmannen i Kviteseid har laurdag sendt ut fylgjande oppdatering:

«Oppdatering om smitte på kos

Den smitta bebuaren blir i dag flytt til isolat. Her er vedkomande heilt skjerma frå dei andre bebuarane. Den smitta har eige personell, som bare skal ha kontakt med den smitta. Dette for å skjerme alle andre bebuarar og tilsette best mogleg. Alle bebuarar og alle tilsette som har jobba sidan 3. april blir testa i dag, som ein ekstra sikkerheit.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her får helsepersonell opplæring i å jobbe på isolatet på Heddeli