Det er meldt om snø og vanskelege køyreforhold på Sognefjellet denne helga. Biletet er frå 03. juli 2019. Foto: Statens vegvesen webkamera / NTB scanpix / NPK

Melder snø og farlege vegar til helga

Snø på fleire fjellovergangar kan gjere det farleg å køyre med sommardekk til helga.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø og glatte vegar på fjellovergangane i Sør – og Nord-Noreg.

Det kan bli vanskelege køyreforhold på Riksveg 7 Hardangervidda, Fv55 Sognefjellet, E134 Haukelifjell og langfjella mellom Aust-, Sør- og Vestlandet, skriv NRK Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er få som har vinterdekk på bilen i desse sommartider, så skal ein over fjellet på nattetid eller tidleg morgon må ein vere varsam, seier vakthavande meteorolog, Magnus Ovhed, til NRK.

Store delar av landet vil ha mellom 10 og 17 grader frå helga og ut i neste veke. Likevel er det håp for varmare luft i Nord-Noreg fram til måndag.

(©NPK)