Nesbukti: Størstedelen av dei kommunalt tilsette i Seljord jobbar i helse- og omsorgssektoren – som her på Nesbukti i Seljord.

Meir enn 1000 personar jobbar i helse- og omsorgssektoren i regionen

Nesten halvparten av dei kommunalt tilsette i Vest-Telemark jobbar innan helse og omsorg.

Ved inngangen til 2023 var det nesten 544 000 personar busette i Noreg som hadde inntektsgivande arbeid med kommunen som arbeidsgivar. Det viser rapporteringar som kommunane sjølv har gitt til staten, framstilt hos Statistisk sentralbyrå (SSB).

Helse og omsorg

Statistikken viser at det er spesielt eitt felt som dominerer i kongeriket, og det er den omfangsrike sektoren «helse og omsorg». Ikkje mindre enn 245 625 innbyggjarar i Noreg jobbar under denne kategorien i kommunane, noko som stel 45 prosent av heile «kaka».

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har slått saman alle dei seks kommunane i Vest-Telemark til «eitt rike». Her er og delen stor. Det er totalt 1 050 personar som har arbeid i denne funksjonen i Vest-Telemark. Det utgjer ein del på 44,5 prosent her.

Totalen

SSB-tabellene viser at det er totalt 2 357 personar som er sysselsett i kommunal sektor i Vest-Telemark. Tala gjeld både heil- og deltid. Dei kan sjølvsagt bu andre stader enn her.

– Dersom ein person har fleire jobbar, så blir personen tald éin gong i kvar kommune den har eit arbeidsforhold. Dersom personen har fleire jobbar i same kommune blir den berre tald éin gong, bemerker SSB i skildringa av statistikken.

Skule og administrasjon

Den nest største funksjonen er grunnskulesektor. På landsbasis snakkar vi om dryge 127 000 tilsette her, noko som utgjer 23,4 prosent av alle kommunale tilsett i landet.

Det betyr at delen er klart mindre i Vest-Telemark, då dei 441 aktuelle personane utgjer «berre» 18,7 prosent av alle kommunale tilsett her.

Administrasjon kjem på tredjeplass i Noreg. På landsbasis er vi oppe i over 64 000 tilsett her, og det er 11,8 prosent av alle. I Vest-Telemark er delen oppe i 14,9 prosent, då 351 jobbar i ulike delar som fell inn under administrasjon i våre seks kommunar.

Mange i barnehage

Barnehage er også ein ganske stor sektor. På landsbasis er det snakk om over 49 000 kommunalt tilsette barnehagearbeidarar, som er ni prosent av alle. Delen er større i Vest-Telemark, då dei 271 aktuelle utgjer 11,5 prosent.

I barnevern og sosialtenesta er delen i Noreg på 4,8 prosent, medan dei 47 i Vest-Telemark utgjer kun to prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei resterande funksjonane i SSB-tabellen er kultursektor, tekniske tenester og «anna». Totalt utgjer desse 5,8 prosent i Noreg og 6,6 prosent i Vest-Telemark.