Avlag: Maryam får ikkje delta i introprogrammet. Det meiner ho og mannnen at er urettvist.

Meiner det er urettvist at ho ikkje får delta i introprogrammet. – Lova er tydeleg, svarar kommunen

I 2022 kom Maryam til Vinje, der mannen hennar, Aman Mohamed Ali, bur.

– Eg har førarkort og jobbar 60 prosent i butikk, fortel Aman, som sjølv har flyktningbakgrunn.

Dermed kunne kona endeleg få koma til Noreg på familiegjenforeining. Maryam sit ved sida mannen, og i handa held ho brevet med avslag på introduksjonsprogram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje lovpålagt å tilby introduksjonsprogram til henne, står det å lese i brevet. Dette opprører Aman.

– Andre som kom på familiegjenforeining i 2022 fekk ja til å delta på introprogrammet. Men Maryam fekk avslag. Det opplevast urettvist, og det gjer meg litt sint, seier Aman.

– Reglane burde vere like for alle.

– Kommunen burde tilby introprogram

Aman meiner dessutan at talet på familiegjenforeiningar er så lågt at kommunen burde tilby introduksjonsprogram til dei dette gjeld sjølv om det ikkje er lovpålagd.

Maryam får tilbod om opplæring i norsk og samfunnsfag, men dette er eit mykje mindre omfattande opplegg, og dermed vert moglegheitene for jobb langt dårlegare, meiner Aman.

– Og viss me må søke Nav om hjelp, så får ho ikkje varig opphaldsløyve. Dette set oss i ein vanskeleg situasjon, meiner han.

Lova er tydeleg

– Lovverket er no veldig klart når det gjeld kva rettar ulike personar har når det gjeld opplæring, fortel verksemdsleiar for personar med særskilte behov i Vinje kommune, Carsten Hald.

Den statusen integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI, gjev deg seier kva rettar du har. Før 2020/2021 var lovverket meir utydeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Misforståing: Carsten Hald fortel at lovverket er klart og tydeleg når det gjeld kven som har rett til introduksjonsprogram. Han har likevel forståing for oppfattinga av urettvis handsaming, sidan ei misforståing i fjor førte til at nokon fekk vedtak om introduksjonsprogram utan å ha rett til dette.

Ulik type familiegjenforeining gjev ulike rettar.

– I nokre tilfelle har delar av familien flykta fyrst, og resten flyktar etter. Då har alle flyktningstatus, og rett og plikt til introduksjonsprogram. I andre tilfelle handlar det om ein norsk statsborgar eller ein person med flyktningbakgrunn som er godt integrert og har budd her fleire år, og som ønskjer å flytte ektefellen eller familien til Noreg. Ein føresetnad for slik familiegjenforeining er at ein kan forsørge familien, og då har ektefellen berre rett på norskopplæring, forklarar Hald.

Misforståing

Han nektar likevel ikkje for at Aman og Maryam har eit poeng når dei kjenner seg urettvist handsama.

– Eg veit at det skjedde ei misforståing i fjor der nokon fekk vedtak om ein kort periode på introduksjonsprogrammet utan at retten til dette var klarlagd. Det hadde mellom anna samanheng med uavklart status, og innan statusen var klarlagd så var vedtaket fatta, forklarar Hald.

Hald seier det ikkje er aktuelt å tilby introduksjonsprogram til fleire enn ein er lovpålagd.

– Det trur eg ingen kommune i Noreg gjer.