Bildet er frå valkvelden i september i 2021.

Nå melder «alle» at Lene Vågslid blir ny barne- og familieminister

I morgon kan Lene Vågslid (39) frå Dalen bli presentert som statsråd i regjeringa til Jonas Gahr Støre.

Fleire store media er samstemde måndag kveld: Lene Vågslid blir ny barne- og familieminister etter Kjersti Toppe (Sp).

VG, Dagbladet, TV2 og NRK er blant dei som har kjelder på at Vågslid blir statsråd. Det er åtte ledige statsrådpostar etter at Senterpartiet sist veke gjekk ut av regjeringa etter ein betent straumkonflikt knytt til innføringa av tre EU-direktiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye ministrane blir truleg presenterte i ekstraordinært statsråd i morgon, tysdag.

Etter det VTB kjenner til blir Vågslid historisk, dersom ho nå blir minister. Ho blir den fyrste statsråden frå Vest-Telemark sidan Ivar Petterson Tveiten frå Fyresdal som var kyrkjeminister frå 1924 til 1926.

Han kan du lese meir om her:

Vågslid blei vald inn på stortinget som fast representant frå Telemark Ap i 2013. Ho har leia Justiskomiteen (2017–2021) og leiar no Kommunal- og forvaltningskomiteen, før ho då mest truleg i morgon, tysdag, får ny jobb.

VTB har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Vågslid måndag.