Gler seg over ny bil: Litt av brannmannskapet i Vinje kommune som kan gle seg over den nye bilen. Arnulf Elgen (f.v.), Jenny Høgseth Øyen, Jan Helge Hovden og Aaron Jensen.

– Me har den sprekaste brannbilen i Noreg

Beredskapsleiar Olav Ringhus i Vinje var tydeleg stolt då den ny brannbilen blei overrekt før jol.

Brannbilen er av type FMX Volvo, har 540 hestekrefter og er med firhjulstrekk og har kosta 4,7 millionar kroner. Varaordførar Tone Edland og teknisk sjef, Åge Verpe, kasta glans over overekkinga.

Med den sterkt trafikerte E134 gjennom kommunen og ei veldig auke i hytter siste 20 åra, har komunen sett seg nøydd til å satse meir på brannvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så mange som 140 uttrykningar har brannvesenet i Vinje hatt i år. Det er til samanlikning om lag like mange som på Rjukan.

Tre røykdykkarsete

Den nye brannbilen har også fora skåp bak på bilen, slik at utstyret fungerer betre enn på den gamle frå 1988 og som var rekna som veteranbil (eldre enn 30 år). I tillegg så har den nye bilen sete for røykdykkarar, slik at desse kan sette seg rett inn i bilen med fullt utstyr på seg og vere klare til innsats. Bilen har også hjartestartar.

– Me har den sprekaste brannbilen i landet, sa Ringhus.

Beredskapsleiar: Beredskapsleiar i Vinje kommune, Olav Righus, er svært fornøgd med siste års investeringar i brannvesenet i kommunen.

Satsinga på brannvesenet dei siste åra har resultert i at ein har fått nye bilar i 2011 også til mannskapet i Haukeli og Rauland og stasjonane der, i tillegg til altså ny bil i Åmot brannstasjon i år.

At hjartestartar er med i bilen er naudsynt sidan brannmannskapet mange gonger er dei fyrste på ein ulukkesplass.

– Vinje er ein langstrekt kommune og av og til så må brannmennene utføre livreddande arbeid på ulukkesstaden, då dei ofte har kortare veg enn ambulansen. Slikt blir vurdert frå hending til hending, fortel Ringhus.

Ny brannbil: Den nye brannbilen har 540 hestekrefter, 100 hestekrefter meir enn den gamle, og er ein sprek bil.

God opplæring

Røynslene ein får av å vera brannmann på ein ulykkesplass kan vere tøffe. Både mentalt og praktisk. Ting må gjerast effektivt og i rett rekkefølgje, samstundes har ein den mentale belastninga av å sjå skadde mennesker.

Statkraft er viktig for brannvesenet, dei har interesse av god beredskap med tanke på kraftstasjonane sine. Brannmannskapet i Vinje gjer dette uløna og frivillig, og ein del arbeidar i Statkraft til dagleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle brannmenn og -kvinner i Vinje får god opplæring i faget i dag. Det er viktig for oss i teknisk etat å ha. Slik at dei kjenner at dei kan meistre oppgåva si når ulykka er ute, seier Verpe.

– Eg er imponert over arbeidet brannvesenet gjer i dag. Det bra at ein får folk til å stille opp for å gjera dette viktige arbeidet som skaper tryggleik for innbyggarane i kommunen. Brannvesenet har til tider eit tøft arbeid, så det er ikkje sjølvsagt at nokon på frivillig basis stiller opp på dette, seier Edland.

Scania lenge med i kampen

Scania var lenge med i kampen om å levere den nye bilen, men det vart Volvo som til slutt fikk leveringa av den nye bilen. Det vil seie, Volvo har levert ramme og chassis til bilen, medan verksemda Braco har levert brannutstyret på bilen. Til stades under overrekinga av nyklane til den nye bilen var også representantane Inge Nyberg og Magne Flakk frå Volvo, og Einar Glennthøj frå Braco.

Brannmannskapet i Vinje kommune utgjer i dag ein driftskostnad i dag på 3,7 millionar kroner i året, og dei er 22 personar. Fordelinga på dei ulike stasjonane er seks i Rauland, seks i Haukeli og ti i Åmot.