Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Mattilsynet tilrår ikkje statleg felling på Hardangervidda

Sjølv om det truleg er villrein smitta av skrantesjuke på Hardangervidda, tilrår Mattilsynet ikkje ekstraordinær felling vinteren 2022.

I ei pressemelding viser Mattilsynet til at det er urovekkjande at oppdaterte anslag frå Veterinærinstituttet viser at det sannsynlegvis er smitta villrein på Hardangervidda, og dessutan at målet for bestandsreduksjon ikkje vart nådd under jakta i 2021.

På den andre sida meiner tilsynet at dei naturgitte forholda og kondisjonen til villreinbestanden og åtferd i beiteområda gjer det «svært vanskeleg» å drive statleg felling der den positive effekten er større enn den negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vaksen bukk representerer ein særleg risiko for vidare spreiing internt i bestanden. Eit ekstraordinært uttak av flest mogleg bukkar over 3,5 år i vinter kan bidra til å redusere risikoen for at vi mistar kontroll i tidleg fase av sjukdomsutviklinga. Men det vil det vere svært vanskeleg å lykkast med eit målretta uttak, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

– Tilrådinga vår er basert på ei heilskapleg vurdering av estimert talet på smitta dyr, fellingsstall, prøveanalysar, innspel frå lokale partar og råd frå fagmiljøa. Omsynet til framtidig forvaltning og behovet for godt samarbeid med lokale krefter i det vidare arbeidet er òg gitt stor vekt i denne tilrådinga, seier ho vidare.

(©NPK)