Måtte bli vaksen og kommunalt tilsett før ho opplevde mobbing

La det aller fyrst vere sagt at mange kommunalt tilsette trivast på jobb. Likevel gjeld det langt frå alle. «Mira» vart tilsett i ein av Vest-Telemark-kommunane, og opplevde det ho beskriv som eit helvete. Sjølv om ho fekk jobben ut frå at ho var best kvalifisert, opplevde ho å koma inn i eit arbeidsmiljø som ikkje ville ha henne der.

Ho sa ifrå internt, tenesteveg. Ut mot omverda prøva ho lojalt å smile og skryte av kor bra kommunen var – men det skreik inni henne kvar gong.

Fekk aldri ein sjanse: – Eg er jo ikkje perfekt, og det var heilt klart ting eg ikkje gjorde rett på fyrste forsøk. Men eg fekk aldri ein sjanse, fortel «Mira». Ho er roleg og ettertenksam der ho står ved ein sølepytt som regnvêret la att på skogsvegen, men ein kan ane ei bitter undertone i stemma.

– Kva skjedde eigentleg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst av alt så fekk eg inga opplæring. I tillegg var det nokre kollegaer med uformell makt som hadde nære personlege band til leiarar. Det var ting dei lett berre kunne sagt rett til meg, men i staden tok dei det opp med leiarar dei var vener med. Då blei det mykje vanskelegare å ta tak i for meg. Samtidig dreiv dei med utfrysing og alliansebygging mot meg, fortel «Mira».

– Det var jo folk rundt meg som kunne hjelpt meg og gjeve meg råd om heilt vanlege utsegner og handlingar som «alle veit» at ein ikkje seier eller gjer her i kommunen. Men dei sa ingenting, og stod heller og såg meg snuble og falle.

– Kva gjorde leiaren din med saka?

– Problemet var vel heller kva leiaren min ikkje gjorde. Både eg og fleire kollegaer opplevde at opplæring og oppfølging ikkje vart prioritert. Det var inga støtte og tryggleik, og eg vart sett på som eit problem frå dag ein, på grunn av at ein einskild kollega hadde bestemt seg for det!

Det viste seg til slutt at leiaren konkluderte med at klagene ikkje var noko å lage sak av, men det var det ingen som sa til «Mira». Ho måtte berre gå i uvissa medan utfrysinga heldt fram.

– Korleis gjekk denne utfrysinga føre seg?

– Det var berre små ting, som å ikkje bli helsa på eller smilt til, eller at dei andre fekk jolegåve, men ikkje eg. Det er jo slike ting ein tenkjer at skuleungar gjer mot kvarandre fordi dei ikkje har forstått betre. Men eg måtte altså bli vaksen og kommunalt tilsett før eg skulle bli utsett for slik åtferd, seier «Mira».

Ho har stått på beina gjennom stormen, og har kome seg bort frå denne arbeidsplassen, men ho er bekymra for kva som kan skje med andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit om andre før meg som har vorte utsett for likande behandling. Det er ikkje berre meg, det er eit stort problem, og eg veit at både leiing og toppleiing er klar over det. Dei berre vel å sjå ein annan veg, og håpar at viss alle sit stille, så fell båten til ro. Men av og til må ein rett og slett ruske litt opp, meiner «Mira».

– Korleis då?

– Ein må kunne forvente at alle tilsette evnar å skilje sak og person, sjølv om me bur og jobbar på små stadar der alle kjenner alle. Og uprofesjonelle leiarar som heller dyrkar personlege relasjonar enn å tak i ukultur, dei må bli fjerna eller omplasserte, slår «Mira» fast.

Les også
Fleirtalet tenkjer dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen

Held framleis ut

«Nora» er tilsett i ein annan kommune i Vest-Telemark enn den «Mira» jobba i. Men det er tungt å gå på jobb.

– Eg kjenner det med ein gong eg kjem inn døra. Eg orkar det berre ikkje, seier «Nora». Ho har vore sjukemeld på grunn av tilhøva, og det har også fleire av kollegaene hennar.

– Før var me slik at me brann for arbeidet vårt, me gjorde det med glød. No gjer me berre det me absolutt må.

Det er ein samansett situasjon som har tatt motet frå fleire tilsette der «Nora» jobbar.

– Det er dårlege prosessar, for det fyrste. Me tilsette får ikkje viktig informasjon, og sit att og føler oss dumme. Av og til har eg fått greie på ting som er viktig for meg, men det er berre fordi eg tilfeldigvis stakk hovudet inn den rette døra på det rette tidspunktet, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ein kollega som har blitt heilt nedbroten av behandlinga. Den flinke kollegaen, heilt tom, seier «Nora» fortvila.

Ein nedbroten kollega: – Kollegaen min er heilt knekt, men eg nektar å gje opp, seier «Nora».

– Men det er ikkje berre mangel på informasjon som er problemet?

– Nei. I tillegg er det ein einskild kommunalsjef som har alt for stor makt, og som hersar med personalgrupper. Kommunalsjefen for mi eining, til dømes, er heilt usynleg og gjer ingenting for å stoppe maktmisbruket frå denne andre. Eg er skuffa over sjefen min, seier «Nora».

– Men eg har ikkje gitt opp, held ho fram. – Det må gå an å få til ei endring på dette!

VTB gjer merksam på at Mira og Nora ikkje er dei kommunetilsette sine eigentlege namn.