Marianne Hellstrand i inngangen til gardsbutikken.

Marianne fekk ein ny lidenskap under koronaen – nå har den blitt gardsbutikk

Marianne Hellstrand hadde behov for å gjere noko meir kreativt under koronapandemien i 2020. Då ho fyrst testa kalkmåling, var det ingen veg tilbake. 

Publisert Sist oppdatert

– Det var heilt slik «wow». Det var ei heilt fantastisk måling, fordi eg skjønte at du kan vere meir kreativ med kalkmålinga enn med vanleg måling, seier Marianne Hellstrand. 

Kalkmålinga er favorittmålinga til Marianne Hellstrand.

Ho gjekk rundt i stova i huset sitt på Dalen og måla etter at ho oppdaga målinga. Alle slags møblar blei forvandla med kalkmåling – bord, vasar, skjenkar og hjørneskåp.

Men så blei Hellstrand saman med Arne Vistad Vågslid på garden på andre sida av jordet. 

– Då blei det mogleg å ha verkstad her, seier ho. 

Verkstaden er ei kantine i eit gamalt herberge, som nå er gjort om til gardsbutikk. Det er fylt med 50 fargar kalkmåling, dekorprodukt, penslar, voks og inspirasjonsprosjekt.

Målet til Hellstrand er at dei som er innom gardsbutikken ikkje berre skal handle, men få idear til eigne prosjekt.

– Voks opp på møbelverkstad

Innreidd rom med dekorativ peis, hyller og bord ved vindauge.
Møbelet er ei gamal seng som Marianne Hellstrand har gjort om til eit utstillingsbord.

Hellstrand voks opp i Skien og blei utdanna til møbeltapetserar og eigedomsmeklar i Oslo. Der hadde ho også eigen verkstad i fleire år. 

– Eg har vakse opp på møbelverkstad. Far min var møbeltapetserar, så eg elska å sjå den endringa. Gamle møblar som kom inn, og så var det vakre, flotte møblar som kom ut igjen, seier ho. 

Ein person tenner ei lita flamme framfor hyller med krukker og dekor.
Det er mykje ein kan gjere med møbla når ein brukar kalkmåling. Ein ting er å bruke ein bladgull-imitasjon.

Ho budde i Oslo fram til ho flytta til Dalen i 2016.

– Mor mi er herifrå og bestemor og bestefar, så Dalen er min familiestad, seier ho.

Under koronaen trong ho å  ha noko meir kreativt å gjere, og det var då ho for fyrste gong prøva kalkmåling.

I mange år hadde ho pussa opp møblar og interiør med vanleg måling, men den nye målinga opna heilt nye moglegheiter. 

Først nettbutikk, så gardsbutikk

Opne hyller med glas og boksar i eit lagerrom.
Eit skåp ventar på kalkbehandlinga si.

Det var vanskeleg å få tak i dei produkta ho trong til prosjekta på ein stad, fann Hellstrand ut. Ho måtte ofte inn på ulike nettbutikkar, og rett som det var måtte ho få tak i det ho trong gjennom utanlandske nettbutikkar. 

Derfor opna ho ein nettbutikk i fjor haust.

– I dag handlar kreative menneske frå heile landet kalkmåling og dekor av meg, seier ho. 

Person blar i fargeprøvebok ved bord med målarprøvar.
Det «nakne» skåpet blir nok rosa.

Det å kunne gjere produkta tilgjengelege lokalt, men òg å kunne dele kunnskapen og erfaringane hennar gjennom kurs, var det som lokka Hellstrand til å opne gardsbutikk på Dalen.

Mange tenker det er vanskeleg

Hellstrand forklarar at mange kan tenkje at kalkmåling er vanskeleg og kan krevje mykje erfaring for å bruke. Det avviser ho. 

– Det som fascinera meg mest var kor lett det var å få gode resultat. Det finst mange spennande måleteknikkar, men dei er overraskande enkle når du først kjenner rekkefølga i prosessen, seier ho. 

Ein må blant anna alltid vokse ferdig produkt, då kalkmålinga, ulik anna måling, ikkje herdar seg sjølv.

Kalkmåling kan brukast på mykje meir enn møblar, forklarar ho. 

– Ein kan måle på tre, glas, metall, keramikk og mykje anna. Det opnar for utruleg mange kreative moglegheiter. Det handlar eigentleg ikkje om å vere god til å måle, men om å lære nokon enkle teknikkar og å tore å prøve, seier ho. 

Ho har blant anna gjort ein glasvase ved å feste på eit blomstermotiv ho sjølv har støypt, og til slutt måla han. Det har gjort at glasvasen nå ser ut som ein handlaga keramikkvase.

Kvinne held ein vase med blomster i ein butikk.
Vasen er laga av glas og måla over med kalkmåling.

– Det er favorittmålinga mi, seier Hellstrand.

Samarbeid med Dalen hotell

Hellstrand startar med ulike målekurs i sommar, som grunnkurs i kalkmåling.

Hand peikar på eit dekorert vitrineskap med gjenstandar bak glas.
Denne kronelista har støypt dekor-ornament festa på og måla med kalkmåling.

Ho jobbar òg med å få til eit samarbeid med Dalen hotell, der ho vil kombinere målekurs med overnatting. Dalen hotell er ei oppleving i seg sjølv med historie, arkitektur, vakkert interiør og unik atmosfære, meiner ho.

– Eg trur derfor at kombinasjonen av eit opphald på Dalen hotell og kreative målekurs kan bli ei heilt spesiell oppleving, seier ho. 

Gardsbutikken kan bli ein stad der folk får lyst til å vere kreative, håpar Hellstrand. 

– Og så er det koseleg å invitere folk inn her på garden som eg bur, det blir jo endå meir personleg, seier ho.

Person står i inngangen til ei lys bygning med skilt over døra.
Marianne Hellstrand ønskjer velkommen til den nye gardsbutikken.





Powered by Labrador CMS