Maria og Kristian stola på magekjensla. – Me har funne draumeplassen
I sommar pakka Maria, Kristian og Tiril (4) Nese Taxerås saman livet sitt på Vegårshei og flytta til garden Klauvreid på Austheii i Tokke. Samstundes tok Maria fatt på jobben som ny kyrkjeverje i Kviteseid.
Klauvreid står kledd i haustfargar, og gule lauv dansar i vinden. Eit gamalt loft og eit bur prydar inngangen av tunet. Vidare finn ein både våningshus, uthus, kårbustad og eit eldhus i to delar – der den eine delen vert nytta som bakstehus.
På trammen til våningshuset står Maria og ynskjer velkommen.
Tilfeldig
Maria (36) kjem opphavleg frå Sotra utanfor Bergen. Ho har ein bachelor i både religion og journalistikk frå Kristiansand, men fortel at ho eigentleg ikkje har hatt så bruk for det i ettertid.
– Men det var i Kristiansand eg møtte ein kjekk vegårsheiing, smiler ho.
Etter studietida gifta dei seg og bygde hus på Vegårshei. Der har dei budd sidan 2015, og Maria fekk etter kvart jobben som kyrkjeverje i bygda.
– Det var ganske tilfeldig. Eg vart fyrst spurt om å vera trusopplærar, og litt seinare skulle kyrkjeverja pensjonere seg. Eg hadde aldri søkt om eg ikkje vart så sterkt oppfordra til det, men eg gjorde det – og fekk jobben. Det vart ei bratt læringskurve, seier ho og ler.
Ho fortel at ei kyrkjeverje er dagleg leiar, med ansvar for personal, økonomi, gravplassdrift og vedlikehald av kyrkjebygg.
– Eg hadde inga erfaring med det, så det vart ein del «lære det ved å gjera det», smiler ho.
Draumen om ein gard
Etter fleire år på Vegårshei byrja tanken om eit miljøskifte å melde seg. Familien hadde køyrt mange turar over Haukeli og gjennom Telemark, og særleg Kristian hadde fått sansen for landskapet og bygningskulturen.
– Og så botnar det nok i at eg alltid har hatt lyst på ein gard, seier han.
Ekteparet fortel at dei kom til eit punkt der dei tenkte meir seriøst på å sjå etter ein stad i Vest-Telemark. Dei la ut eit innlegg på Facebook om at dei vurderte å flytte til Telemark, og kort tid etter fekk dei melding frå eigaren av Klauvreid.
– Me reiste opp på visning i vinter, og forelska oss i plassen, seier dei.
Maria fortel at det hadde mykje å seie at det var eit hus dei kunne flytte rett inn i.
– Me har bygd hus før, og det var uaktuelt å setje i gang med eit oppussingsprosjekt. Så då vart det denne garden eller ingenting, seier ho.
Samtidig vart stillinga som kyrkjeverje i Kviteseid lyst ut.
– Det er ikkje ofte slike stillingar blir ledige, så det var heilt fantastisk at eg fekk den, seier ho.
Familien flytta inn på Klauvreid i sommar, og Maria starta i ny jobb 1. august. Ho fortel at det har vore ei bratt læringskurve der også.
– Eg kan jobben, men alle har forskjellig måte å gjera ting på, så det har vore litt utfordrande å setje seg inn i alle oppgåvene her, seier ho, men legg til at ho har flinke folk rundt seg som er gode å støtte seg til.
Maria synest det var ein spennande jobb, med varierte arbeidsoppgåver.
– Og så er det ein ypparleg måte å bli kjent med lokalsamfunnet på. Det er jo mange som er innom kyrkja, både gjennom dåp, bryllaup, gravferder og konsertar. Det kjennest godt å kunne hjelpe folk, både med å gjere glade dagar som dåp og bryllaup gode, men også å bidra til at triste dagar med gravferd og sorg blir verdige og fine, seier ho.
Føler seg heime
Familien, som snart blir fire, har berre budd på Klauvreid nokre få månadar. Likevel føler dei seg alt heime.
– Det har heile tida kjendest veldig naturleg. Eg har ikkje sett meg tilbake etter at me flytta inn, seier Maria.
Ho seier ho kjenner på ei ro i huset.
– Sjølv med flytteesker og litt kaos, så kan eg sitje og sjå ut over tunet og tenke at dette er godt, smiler ho.
Både Maria og Kristian fortel at dei har blitt tatt imot med opne armar av naboar og bygdefolk.
– Folk er interessert i kontakt og dei er glade for at me har kome. Det har mykje å seie, seier Maria.
– Det har blitt enda betre enn me kunne ha håpa på, legg Kristian til.
Han har ikkje sakna Vegårshei, vedgår han.
– Det er litt rart å setje ord på, men alt fyrste gongen me var her i januar, så var det berre «wow». Men eg tenkte kanskje det ville bli rart å rydde ut av huset vårt og at me ville angre ei lita stund, men eg har ikkje kjent på det i det heile tatt, seier han.
– Me føler oss superheldige som fekk kjøpe denne plassen, seier dei samstemt.
Mange planar
Kristian driv med lafting på hobbybasis, og har også eit sagbruk som han skal få oppover til våren.
På tunet og på låven ligg det mange laftestokkar. Både som han har saga sjølv, men også heile bygg som han har demontert, for å byggje opp igjen på Klauvreid.
Mellom anna skal han bruke stokkane frå eit gamalt fjøs til å bygge eit geite- eller sauefjøs.
– Slik at me kan ha nokre få dyr til å beite det som er tettast på bygningane, for å halde kulturlandskapet nede, seier han.
I tillegg skal dei hogge ein del skog.
– Før var det veldig opent her, og me ynskjer å hogge slik at me får meir utsikt.
Denne dagen skal dei starta med å skifte tak på kårbustaden.
– Om me ikkje har tusen, så har me sikkert hundre planar, seier Kristian og ler.
– Me må berre finne ut av prioriteringsrekkefylgja, legg Maria til.
Historisk gard
Klauvreid er ein gamal gard, og er nemnt i skriftlege kjelder heilt tilbake til 1400-talet. Loftet på garden er datert til 1483 og er automatisk freda.
– Det er også funne sverd og øks, som antakeleg er frå vikingtida, i ei steinrøys, då det vart rydda her på 1850-talet, fortel Kristian.
I 1989 vart garden delt i fire, og i dag står det åtte bygg på tunet – pluss ein støl på heia.
– Ein blir ikkje arbeidsledig på ein slik stad. Nokon sa til meg at eg har kjøpt meg arbeid. Men eg likar å arbeide, smiler Kristian.
Maria og Kristian er også imponert over jobben som har blitt gjort med garden.
– Dei som har hatt garden før har gjort ein kjempejobb med oppussing og restaurering. Det har verkeleg auka verdien på plassen for vår del, seier Maria.
Mellom anna fekk garden Tokke kommune sin vernepris både i 1999 og 2004, for restaureringa av våningshuset og for eit todelt eldhus og ein utedo.
Draumeplass
No, når kvardagen har fått feste, kjenner både Maria og Kristian på ei god ro. Det meste har falle naturleg på plass – jobb, barnehage, sal av hus og kjøp av gard – og dei ser med takknemlegheit på kor enkel heile prosessen har vore.
– Me føler at det var litt «meant to be», smiler Maria.
– Litt klisjé, men sant, seier Kristian, og legg til at det heng saman med at dei føler seg veldig heime her.
Når dei blir spurde om kva råd dei vil gje til andre som drøymer om å flytte, er dei samstemte.
Maria meiner at ein må tore å prøve.
– Berre gjer det, seier ho bestemt.
Kristian er samd, men understrekar at ein bør bruke tid på prosessen.
– Set opp fordelar og ulemper, tenk gjennom kva som betyr mest for dykk, seier han.
Maria legg til at det òg er lurt å utforske området grundig.
– Finn ut om staden faktisk har det som passar for deg. Alle har sine eigne preferansar for kva som må vere i nærleiken, og kva som er greitt å køyre eit stykke for, seier ho.
Kristian på si side minner om at livet på landet ikkje berre er idyll.
– Det kan sjå litt roseraudt ut, dette med utsikt, fridom og eigendyrka mat, men det er mykje arbeid med det. Du må vita at det kjem tøffe periodar òg. Men stol litt på magekjensla, smiler han.
Det har Maria og Kristian gjort, og dei har ikkje angra på valet.
– Me føler me har funne draumeplassen, avsluttar dei.