Mann frakta til sjukehuset – manuell dirigering av trafikken

Personbil mot vogntog i Vinje.

Klokka 17.17: Vegen er open i eitt felt. Politiet dirigerer trafikken manuelt. Føraren av vogntoget, ein mann i midten av 40-åra, har fått førarkortet mellombels beslaglagt.

Klokka 16.31: – Pasienten er nå frigjort og vil bli transportert til sjukehuset i Skien, melder politiet.

Mannen skal vera vaken.

Vegen er framleis sperra.

Sat fastklemt

16.04: – Ein mann sit fastklemt. Vegen er sperra. Politiet er på staden, melder politiet på Twitter.

Trafikkulykka skal ha skjedd i Kvennhusdalen like før klokka 16.00.

Saka blir oppdatert.