Sakna mann funnen

Pårøyrande til mannen opplyser at mannen er funnen etter leiteaksjonen.

Politiet etterlyste observasjonar etter at ein mann i slutten av 70-åra vart sakna på Rauland. Pårøyrande til mannen opplyser natt til laurdag at mannen har kome til rette att.

Mannen, som er dement, hadde med seg ein fransk bulldogg då han var sakna.