Kviler seg: Mange har møtt denne elgkua i vinter. Den held seg mykje på isen i sentrum, rundt kyrkja og Ågapet i Kviteseid. Landbruksrådgjevaren i Kviteseid kommune fortel at dyra har lite ressursar mot slutten av vinteren og brukar derfor så lite energi dei kan.

Mange trur elgen har gått gjennom isen, men den berre kviler seg. – Vinteren er på hell og dyra har lite ressursar, derfor brukar dei så lite energi dei kan

Den siste tida har både politi og landbrukskontoret i Kviteseid fått meldingar om ei elgku som ser ut til å sitje fast i isen.

Landbruksrådgjevar i Kviteseid kommune, Audun Aasmundtveit, fortel at denne elgkua ofte ligg anten ute på isen eller i buskane langs land og kviler seg og et.

– Men så langt me har sett er det ikkje noko fysisk gale med den, seier Aasmundtveit til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå er vinteren på hell og dyra har lite ressursar, derfor brukar dei så lite energi dei kan, og har dei funne ein plass det er fint å vera held dei seg der. Dette gjer at ein kan få elg og anna i hagar og rundt husveggar, men berre la dyra få fred og ro så trekker dei til skogs att når snømengda minkar, utdjupar han.

Forklarar: Audun Aasmundtveit er landbruksrådgjevar i Kviteseid og Nissedal kommune. – La dyra få fred og ro så trekker dei til skogs att når snømengda minkar, seier han.

Aasmundtveit fortel at dei har fått mange telefonar av folk som trur elgen sit fast i isen eller at den treng hjelp på anna vis.

– I dette tilfellet, og i andre tilsvarande tilfelle, er ikkje dette noko me gjer noko med, med mindre det er dyr som faktisk har gått gjennom isen eller skada seg på anna vis eller er til fare for nokon, seier han.

Sparar på energien: Då VTB observerte elgen torsdag føremiddag traska den ut på isen før den la seg ned for å kvile.