På skøyter: Annika Louise Hendriks Flatin (f.v.), Mari Heddejord, Natalie Indine Hansen.

Mange kom seg ut på «Kom deg ut dagen» – sjå bileta

Barnas turlag i Kviteseid og Seljord gjekk saman om å arrangere «Kom deg ut dagen» i Morgedal.

– Det er fint å kunne samarbeid om slike arrangement, seier Kelly Westrik. Ho er leiar av Barnas turlag i Seljord.

Saman mad leiaren av lokallaget i Kviteseid, Tone Patricia Byggland inviterte ho til varierte aktivitetar på isen i Morgedal sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeider: Tone Patricia Byggland og Kelly Westrik er leiarane av Barnas turlag i Kviteseid og Seljord.

Ein dag for alle

Nokon gjekk på skøyter, andre på ski. Nokon spela ishockey, andre køyrde hundespann.

– Dette skal vere ein dag for alle. Poenget er at ein skal kome seg ut og treffe andre, seier Byggland.

– Og dette arrangementet er også tilrettelagt for personar med funksjonshemming, seier Westrik.

På ski: Tallev Sandland, to år og stødig på ski.

Dei har fått god hjelp av idrettslaget i Morgedal, som har køyrt løyper og brøyta isen. Dei set pris på det, at ulike lag kan hjelpe kvarandre.

Det skal vere enkelt å kome seg ut

Barnas turlag bruker å ha seks arrangement i løpet av året. Lokallaga i Seljord og Kviteseid samarbeider om desse. Og dei er opptekne av å leggje lista lågt.

– Målet med turane våre er å gjere det enkelt, slik at det er lett for folk å kome seg ut, seier dei to lokallagsleiarane.

Kom deg ut dagen: Det var mange som møtte opp på isen i Morgedal sundag.
Hundespann: Dei som ville fekk prøve å køyre hundespann.
På isen: Mette Hubert demonstrerte dette hjelpemiddelet, til å støtte seg på når ein skal lære seg å gå på skøyter.
Kom deg ut dagen: Såvi Byggland og maskoten Turbo. På kjelken sit Kelly Westrik.
Ishockey: Det var stor aktivitet på hockeybanen.
Kom deg ut dagen: Barnas turlag i Seljord og Kviteseid inviterte til Kom deg ut dagen i Morgedal
Stod i mål: Det er viktig med ein god keeper.
Stor aktivitet: Det var mange som prøvde skøytene.
På spark: Dei to brørne Sondre og Såvi Byggland hadde også med seg spark.
Kom deg ut dagen: Denne gjengen tok seg tid til ein triveleg prat på isen.
Hundespann: Store og små fekk prøve å køyre hundespann.
Morgedal: Det var varierte aktivitetar på isen.
På skøyter: Mari Heddejord, (f.v.), Natalie Indine Hansen og Annika Louise Hendriks Flatin