Mange kattugle-ungar tyder på museår

Kattugla et småskogmus, og tilpassar kor mange egg ho legg etter kor mykje mat som er tilgjengeleg. Det tyder på at det er museår i år.

– Uglene har ein slags sans som skjønner at dei kan tråkke til med mange egg og mange ungar, fortel biolog Rune Aae til NRK.

Mindre rovfuglar og ugler har god nytte av museår, og kattugla tilpassar kor mange egg ho legg etter tilgangen på mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ugleentusiast Kjell Hagen i Halden har hengt opp nesten 100 fuglekasser som er tilpassa kattugla. I fjor observerte han berre 28 kattugle-ungar. I år har han allereie ringmerka 76 ungar. I ei av kassene fann han seks egg, noko som er uvanleg mange.

Biologen fortel at det som stadfestar at det er museår, er at alle ugleungane overlever. I år er det småskogmus det er mykje av. Musa held til i skogsområda i låglandet i Sør-Noreg og langs kysten mot Vestlandet.

Småskogmusa ynglar utandørs, men trekker gjerne inn til hausten, om ho finn ein inngang. Difor er det lurt å sjekke hus og hytte for opningar større enn 6 millimeter, før hausten kjem.

(©NPK)