Illustrasjonsfoto

Mange barn lever i fattigdom i Vest-Telemark. Desse vil Røde Kors gje eit ferietilbod, men ingen søker

Programmet «Ferie for Alle» har fått rekordstor pågang, men Røde Kors saknar søknader frå fleire kommunar i Vest-Telemark – for dei veit det er mange barn i fattige familiar i desse områda.

Det opplyser Telemark Røde Kors i ei pressemelding. 

Nesten 10 prosent av norske barn lever i fattigdom. Nav rapporterer om 14 prosent auke i barnefamiliar som mottek sosialhjelp. Røde Kors arrangerer ferieopphald for barnefamiliar som lever i vedvarande fattigdom. Dette er eit viktig tilbod for familiar som ikkje har råd til ferie på eiga hand. 

I 2024 fekk 5700 gjester over heile landet delta, og dei frivillige spelar ei viktig rolle i å lage minnerike opplevingar for familiane. I år søkte 64 familiar om plass til påskeferie på Straand Hotel i Vrådal – meir enn dobbelt så mange som normalt. 16 familiar har fått tilbod om plass. Det tilsvarar 62 personar. 

Men Røde Kors opplyser at dei manglar søknader frå 10 av 17 kommunar i Telemark. Mange av kommunane har meir enn gjennomsnittleg høg del barn som veks opp i familiar med låg inntekt. 

– Tokke har til dømes 18,9 prosent og Seljord har 17,6 prosent. Desse kommunane mottek me aldri søknader frå, opplyser Telemark Røde Kors i pressemeldinga. 

Solveig Solvang og Silje Marie Sandheim, fagkoordinatorar for Ferie for Alle i Telemark, håpar at fleire familiar frå Vest-Telemark vil søke i framtida. Dei understrekar at for å kunne tilby feriar til fleire, er dei avhengige av fleire frivillige.

Røde Kors planlegg fire ferieopphald i sommarferien, og søknadsfristen er 5. mai. Familiar kan søke via saksbehandlar på Nav, skular eller helsetilbod.

Powered by Labrador CMS