Målet er å stifte eit lokallag og stille liste i kommunevalet til hausten. – Den sida av politikken manglar i kommunestyret

Vestfold og Telemark FrP arrangerte onsdag ope folkemøte på Tokke kulturhus. Med seg på laget hadde dei fleire lokalpolitikarar frå Grenland, Nome og Midt-Telemark og to av partiets stortingsrepresentantar.

Vil starte lokallag: Knut Kjellberg frå Nome FrP og Nelly Olsen frå Porsgrunn FrP arrangerte ope folkemøte på Tokke kulturhus.

– Målet er å opprette eit lokallag og stille liste i kommunevalet til hausten, seier Knut Kjellberg frå Nome FrP.

– Me treng berre tre personar for å stifte eit lokallag, og etter eitt år må dei ha fem personar for å danne eit styre. Og me treng sju personar for å stille liste til kommunevalet, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

FrP har ikkje lokallag i Tokke i dag, men har hatt det tidlegare. Nå ønsker fylkeslaget at det blir etablert fleire lokallag rundt i kommunane, og dei prioriterer fyrst dei kommunane det har vore lokallag tidlegare.

– Eg trur kanskje folk er redde for at det er for mykje arbeid, men dei skal ikkje vere aleine. Me skal hjelpe til, me kjem hit, me kan ringast og me vil hjelpe heile vegen. Dykk blir ikkje aleine, lovar Nelly Olsen frå Porsgrunn FrP.

– Eg håpar verkeleg de lykkast

God stemning: Gruppeleiar for FrP i Vestfold og Telemark fylkesting Thorbjørn Fluer Vikre, Stortingsrepresentant Bård Hoksrud, Sp-ordførar Jarand Felland og Stortingsrepresentant Hans Andreas Limi.

I dag er det fem parti som er representert i Tokke kommunestyre, Senterpartiet (9), Arbeidarpartiet (8), Miljøpartiet Dei Grøne (2), SV (1) og KrF (1).

Tokke-ordførar Jarand Felland frå Senterpartiet var også til stades på folkemøtet. Han rosa dei politiske motstandarane for arrangementet og initiativet.

– Eg håpar verkeleg de lykkast. Eg ser det som ein kvalitet ved eit lokalsamfunn at mange lister er presentert, seier Felland.

Stortingsrepresentantane Hans Andreas Limi og Bård Hoksrud hadde ein lang dag i Tokke med bedriftsbesøk på Bjerke snekkerverksted og Dalen mekaniske før dei runda av med folkemøte.

Hoksrud skulle gjerne sett at det var litt fleire folk til stades, men meiner det er viktig at politikarane reiser ut til alle delar av fylket.

– Eg er stortingsrepresentant frå Telemark. Det skal vere lett å spørje meg, og heile Telemark er viktig for meg. Eg likar meg godt her i Vest-Telemark og vil sjølvsagt gjerne ha fleire lokallag, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her i Tokke er verken Høgre eller FrP representert i kommunestyret så den sida av politikken manglar, men me gjer ganske gode stortingsval her så eg trur det er potensial. Når me har nokon av våre eigne i kommunestyret er det også lettare for oss å få kontakt, og få signal om kva som skjer, legg han til.

Det var god plass til fleire folk på kulturhuset onsdag kveld, men både Olsen og Hoksrud lovar å kome tilbake.

– Eg trur det er folk som er interesserte, og me kjem til å fleire møte. Målet er å stille liste til hausten. Me har også planar om å prøve å etablere eit lag i Fyresdal også, seier Olsen.