Mahmoud finn ro på hytta i Åmotsdal: – Det er ikkje alltid eg får applaus av kona
Me har møtt Mahmoud Farahmand på hytta i Åmotsdal. Her fortel Telemark Høgres førstekandidat om då han mista far sin i Iran, korleis han jobbar med Erna Solberg, og kva han er mest og minst fornøgd med som politikar.
– Det blir jo «all-time-high» på kaloriar, ler han.
Mahmoud Farahmand, toppkandidat for Telemark Høgre, kjem direkte frå valkamp-tur og stopp på Aasmundsens Bakeri i Flatdal, til hyttetur med VTB. Ein Mercedes – eller kebabtralle ifølgje han sjølv – svingar inn på parkeringsplassen på Nutheim for å plukke opp ein journalist. Så set me kursen mot Åmotsdal.
Kva synest du eigentleg om vegane her oppe?
– Ha, ha. Det er mykje ein kan sei. Heldigvis er E134 på gang. Det er jo prioriteringar.
Det er det. Men synest du ikkje ein bør prioritere vegane i øvre Telemark?
– Me har kjøpt bil som toler vegane og fordi me bur på gard. Firehjulstrekk. Men det er klart at denne vegen hadde trengt ei oppgradering.
Politikaren vil heller snakke om at svigerfar Nils har slekt frå Seljord, og at han er glad for at svigerforeldra valde å byggje hytte i Åmotsdal.
– Det blir litt «too much» i Rauland for meg. For mange hytter på eit lite område. I Åmotsdal har me fine turområde, det er snøsikkert om vinteren og …. men …. dæven døtte, kva har skjedd her då?
– Det kunne gått mykje verre
Mahmoud tråkkar ut av bilen, og ser opp på hyttetaket. Det har grodd godt der sidan sist han var på hytta. Blomster heng over takrennene. Fine, men litt for frodige, meiner han.
– Her må me visst opp og jobbe litt.
Det går stort sett bra, men for to år sidan gjekk det dårleg. Då datt han ned frå taket, og måtte sy fleire sting under venstre kne på legevakta i Seljord.
– Eg var heldig. Det kunne gått mykje verre, seier han.
Inne på hytta jobbar han med å få i gang ei varmepumpe. Me kikkar oss rundt i ei flott hytte med fine Telemarks-detaljar.
– Min betre halvdel, Borghild, og mora hennar, likar å pynte her oppe. Det blir ein del dill. Du kan godt skrive at eg er meir ryddig enn Borghild, for det er eg.
Han ler, og seier at heime på garden i Porsgrunn kan han brette klede på nytt etter at kona har bretta dei. Men på hytta slappar han av frå alt, og set stor pris på fred og ro.
– Eg elskar å ha mykje å gjere på jobb, men må også kvile. Eg finn ro her, og kan fort sovne i hyttesofaen. Men eg kan i grunnen sovne kvar som helst. Eg søv nok best i bil, og kan til dømes stoppe bilen langs E18 for å sove litt.
– Vanskeleg å forstå
Mahmoud er fødd i Iran. I sommar fortalde han for første gong – til Aftenposten – historia om då han mista faren sin i heimlandet.
– Eg var ute og leika, og mamma hadde bedt meg kome inn til kvelds. Men eg hadde det så moro, var litt uvørden i ordbruk og bad mamma halde kjeft. Då kom pappa og klappa til meg. Eg ropa; eg håper at du døyr! Dagen etter døydde pappa mens han var ute og svømte.
Året etter flykta mor, søster og Mahmoud ut av landet. Av politiske grunnar var det ikkje trygt å bli verande.
– Oppdragarvold har vore, og er framleis, ein del av min iranske bakgrunn. Det var ein heilt anna kultur. Det er vanskeleg for nordmenn å forstå. Eg kan ikkje dømme mine foreldre og halde dei ansvarlege for det som skjedde for 40 år sidan i Iran.
Mahmoud har vore gjennom mykje som soldat og offiser i utanlandsoperasjonar for Forsvaret. Han er blitt god til å sortere tankar og kjensler, også dei han har med seg frå barndomen.
– Det beste frå Forsvaret var at eg blei kjend med meg sjølv under ekstreme forhold. Eg lærte å takle eigne emosjonar, eiget ubehag og framleis kunne fungere. Eg lærte også å ta vare på andre under ekstreme hendingar.
Han kom til Noreg då han var åtte år og kjenner seg heilt norsk. Han snakkar om innvandrarar si oppgåve med å inkludere seg i det norske vi-et. Det gjeld å ta steget inn, seier han.
Når det gjeld gamlelandet er han heilt klar:
– Det var heilt ok at USA bomba Iran. Ein må skilje mellom eit målretta angrep mot eit regime som aktivt har ført ein skuggekrig mot vesten i alle år, og undertrykt eigen befolkning med massiv valdsbruk. Om ein ikkje vil at dei skal få tak i atomvåpen, må ein sette ein stoppar for det.
– Dumt for distrikts-Telemark
Førstekandidaten til Telemark Høgre stortrivst som politikar, er ofte i media, og meiner mykje om mangt. Væpna politi til dømes.
– Eg har opplevd mykje som soldat, og gjort meg ein del erfaringar med våpen. Eg er også gift med ein politibetjent, og ser utfordringane. Når ein heile tida skal ta våpenet av og på, skaper det usikkerheit og aukar risikoen for uhell. Me ser også at våpenbruk hos norsk politi ikkje har auka til trass for at dei har vore midlertidig væpna over lang tid. Eg ønsker å trygge befolkninga. Det vil ikkje bli amerikanske tilstandar her. Me har lengre utdanning for politiet i Noreg.
Her er du og kona einige?
– Ja, det er me faktisk. Men det er ikkje alltid eg får ståande applaus når eg seier noko om politiet. Av og til seier ho; «Kvifor sa du det? Det er jo ikkje slik.» Me politikarar må vere lydhøyre og ta med oss tilbakemeldingar. Av og til må intensjonar og verktøy korrigerast.
Mahmoud er sjølvsagt opptatt av skattelettar.
– Eg ønsker å bidra til større individuell fridom. Eg trur på moglegheitlikskap, ikkje resultatlikskap.
Apropos moglegheiter; Du var nettopp på Kvitsund vgs. og snakka med dei om økonomi?
– Ja, eg synest det er dumt for distrikts-Telemark, dumt for Kviteseid, at eit skuletilbod som er etterspurt (idrettslinje), og som bidreg til fleire arbeidsplassar, ikkje er ønska av fylket. Mange av elevane er ikkje frå Kviteseid, skulen er ikkje i konkurranse med nokon. Ideologiske avgjersler er problematiske for meg. Ein må leggje til rette for at desse moglegheitene eksisterer for at distriktet skal kunne blomstre.
– Håper på større moglegheiter
Han slit med å få kontroll på varmepumpa på hytta og pratar med seg sjølv; «Kva er det med denne?» I Oslo er han kjend for å kommunisere høgt og tydeleg, og han går stadig inn på kontoret til Høgre-leiar Erna Solberg for å «blåse ut»
– Eg går ofte inn når eg er ueinig med ho. Eg er vald av telemarkingane og må sei ifrå. Erna og eg skiljast alltid betre opplyste, enten einige eller ueinige. Og ja, ho har endra meining av og til, smiler han.
Er ho rett leiar for partiet?
– Ja. Hovudsakeleg fordi ho har vore statsminister før og kjenner systemet. Og så kjenner ho oss. Så hadde kanskje eg leia på ein anna måte, men me er forskjellige.
Drøymer du om å bli statsminister?
– Ein har den posisjonen ein har, med dei evner og ressursar ein har. Eg håper på større moglegheiter i komande periode. Mange er opptekne av statsrådpostar, men «all makt i denne sal» (Stortinget) – og i komitéane. Eg kjenner på ansvaret telemarkingane har gjeve meg, og ønsker å vere med og forme politikken på vegner av dei.
Kva kan vesttelane vente seg om Høgre får makta etter Stortingsvalet?
– Meir føreseielegheit for næringslivet. Mindre formynderi og pålegg frå sentralt hald. Me ønsker å styrke tilgang til helsetenester og kompetente lærarar. Og så må me sjå meir på samarbeid og gje eit betre tilbod med dei ressursane me har. Rask psykisk helsehjelp i Vest-Telemark er eit godt døme på samarbeid som funkar.
Kjem de til å reversere kutt i barnehageprisar?
– Me har ikkje tenkt å reversere noko. Me må sjå på det. Me ønsker å auke barnetrygda og redusere i skatt per familie. Legg du på gratis kjernetid i barnehage, sit du att med meir pengar med vårt system enn nå.
Kva er du mest og minst fornøgd med å ha fått til som politikar akkurat nå?
– Eg er mest fornøgd med å ha sett fokus på Fensfeltet og prøver å påverke i rett retning der. Men så kunne eg ha gjort meir for E134, for denne strekninga er nok den viktigaste i denne regionen. Men der gjer Bård Hoksrud (Frp) ein kjempejobb, og me Telemarks-politikarar treng jo ikkje å tråkke oppå kvarandre.
Kven vinn valet?
– Eg jobbar for borgarleg valsiger. Det blir ny regjering med ny retning.
Mercedesen trillar ut av hyttetunet i retning Grenland mens Mahmoud repeterer at han har ein jobb å gjere på taket. Men kjem han verkeleg til å prioritere det (eller er det tomme løfter?) – og rekk han det før valet?