Må i retten for seksuell kontakt med mindreårig jente på Snapchat
Ein mann i 20-åra frå Vest-Telemark må møte i Telemark tingrett i Kviteseid i oktober for innhaldet i Snapchat-dialogen med ei jente som var under 14 år.
Vesttelen er tiltalt for tre brot på straffelova, kjem det fram i tiltalen.
Over fleire månader i 2023 skal han ha kommunisert på Snapchat med jenta som då var under 14 år. Han skal mellom anna ha fått jenta til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv og filme dette. Jenta skal ha sendt både filmar og bilde til mannen via Snapchat. Mannen er gjennom dialogen med jenta tiltalt for å skaffe seg tilgang på material som seksualiserer barn, og for å ha sendt seksualiserte meldingar, bilde og filmar til jenta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP