Løkslid blir fylkesordførar

TA skriv at Sven Tore Løkslid frå Hjartdal blir ny fylkesordførar i Telemark.

Terje Riis Johansen blir fylkesvaraordførar.

– For meg var det viktig å få til eit raudgrønt samarbeid. Eg er så fornøgd med det me har gjort dei siste fire åra, seier sitjande fylkesordførar Terje-Riis-Johansen til TA.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viktigaste er at me klarer å samle og at me må prioritere og satse på nokre område, seier Løkslid.

Arbeidarpartiet, Sp, SV, Miljøpartiet og Raudt er blitt einige om ei plattform for den politiske styringa av nye Telemark fylke.

SV får hovudutvalsleiar i klima og miljø ved Ådne Naper, Sp får leiaren for samferdsel medan Ap tar to hovudutval, melder TA.