Kjempar for base: Høgre-uttala om luftambulanse til Vinje får støtte av både Venstre og KrF.

Lokale representantar frå alle dei tre regjeringspartia stiller seg bak støtta til luftambulansebase i Vinje

Solveig Sundbø Abrahamsen, Erlend Larsen (båe Høgre), og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) og Carl-Erik Grimstad (V) overrekte uttala frå fylkesstyret i Vestfold og Telemark til helse- og omsorgsminister Bent Høie onsdag.

Dei lokale stortingsrepresentantane frå dei tre regjeringspartia støttar alle opp om uttala frå fylkesstyret i Vestfold og Telemark Høyre om etablering av luftambulanse i Vinje.

Uttala som Høie fekk overlevert:

Artikkelen held fram under annonsen.

Base for luftambulanse i Vinje

«Stortinget har vedteke eit helsepolitisk mål om likeverdige helsetenester uavhengig kvar ein bur. Ein base for luftambulanse lokalisera i Vinje handlar om at fleire som bur og oppheld seg i øvre Telemark og Setesdalen også skal få ta del i den akuttmedisinske faglege utviklinga.

I dette området er det langt til sjukehus, og det er ein dårlegare beredskap enn i resten av Sør-Noreg.

Sjukehusa ligg stort sett langs kysten og utviklinga visar at ein meir og meir samlar spesialisttenester og akuttfunksjonar på færre sjukehus. Det fører til lenger reiseveg til aktuelt sjukehus frå område som Vest-Telemark, og vil ytterlegare styrke behovet for betre beredskap knytt til akutthelsetenester/luftambulanse for dette område.

Det er tida fram til pasienten som er avgjerande, og ofte den kritiske faktoren for overleving og potensialet for rehabilitering. Tida frå luftambulanse har kome fram til pasient og til pasienten er på sjukehus vil vera lik uansett kvar helikopteret kjem frå.

90 % av nytta eit luftambulansehelikopter gjer i ein akuttfunksjon er det som skjer med pasienten frå anestesilege med utstyr i helikopteret er på plass ved pasienten.

Ved oppretting av ein base i Vinje vil beredskapen auke monaleg og Stortinget vil vera mykje nærare sitt helsepolitiske mål om likeverdige helsetenester.»