STYRKT MEDIEMANGFALD: – For NRK er dette ein måte å styrkja mediemangfaldet i Noreg på, seier prosjektleiar Bergit Sønstebø Svendseid for samarbeidsprosjektet «Den store folkevandringa». Foto: Roy Hilmar Svensen / NRK

Lokalavisene og NRK saman om stort prosjekt om flytting

Kor flyttar folk i Noreg og kva gjer flyttestraumane med landet vårt? Det er sentrale spørsmål i eit stort samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

– Etter det eg veit, er det første gongen i Noreg at så mange har samarbeidd om eit journalistisk prosjekt, seier NRK-journalist Bergit Sønstebø Svendseid som er prosjektleiar for storsatsinga «Den store folkevandringa» til Nynorsk pressekontor.

Heile 99 av dei 113 medlemsavisene til LLA er med på prosjektet. Etter at NRK i samarbeid med LLA i lang tid har drive grundig research, kan både journalistar i lokalavisene og NRK no ausa av eit omfattande materiale om flyttemønsteret i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjelp til betre journalistikk

– I researcharbeidet har ein gått djupt inn i tal og statistikk for å finna ut kor folk flyttar og kor i folk i kommunane hamnar. Ein har også sett på aldersutviklinga i kommunane. Alle rådmenn i landet har til dømes fått spørsmål om desse problemstillingane. Ein har mellom anna sett på sjukepleiarmangelen og omsorgsmangelen som vil koma, spesielt i fråflyttingsdistrikt, og korleis kommunane overgår kvarandre for å få tak i kvalifisert kompetanse, fortel generalsekretær i LLA, Tomas Bruvik.

Han set stor pris på samarbeidet med NRK og Senter for undersøkende journalistikk og håpar prosjektet vil heva journalistikken i lokalavisene og føra til at det blir laga viktig journalistikk som avisene elles ikkje ville hatt høve til å laga.

Det same håpar NRK.

– Styrkjer mediemangfaldet

– For NRK er dette ein måte å styrkja mediemangfaldet i Noreg på ved å bruka nokre av dei ressursane me har til å styrkja journalistikken i lokalavisene. Det er ein av hovudgrunnane til at NRK gjer dette. Eg trur det er heilt avgjerande for demokratiet at ein har sterke, gode lokalaviser. Viss dette prosjektet kan vera med å bidra til det, er det veldig bra, seier Sønstebø Svendseid.

Ho peikar på at NRK ikkje kan laga alle dei lokale sakene om det som skjer i Noreg åleine, og at det berre er lokalavisene som kan gjera dette skikkeleg, fordi dei er tettast på folk i kommunane.

Når det gjeld prosjektet om den store folkevandringa, fortel prosjektleiaren at NRK først og fremst vil bruka det innsamla materialet til å fortelja om dei nasjonale trekka ein ser om flyttemønsteret i Noreg. Dermed blir det ikkje nokon konkurranse om sakene.

Imponert over lokalavisene

På same måten om Bruvik, er Sønstebø Svendseid svært glad for samarbeidet ein har fått til.

– At aviser og mediehus som er vande med å vera konkurrentar faktisk kan samarbeida og koma fram til gode saker saman, er veldig moro. Så langt synest eg samarbeidet har gått veldig bra. Møtet med lokalavisene har vore veldig inspirerande. Eg er imponert over at dei har kunna setja av tid til dette i ein travel kvardag, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå og med måndag 12. april kan både NRK og lokalavisene byrja å publisera saker frå prosjektet.

– Det er kanskje ikkje alle avisene som er klare med ein gong, men det vil nok koma saker jamt og trutt utover, seier Bruvik.

Både Bruvik og Sønstebø Svendseid peikar elles på at databasen med det innsamla materialet kan vera eit nyttig verktøy for å laga saker med tanke på stortingsvalet til hausten.

– NRK ønskjer også å ta nasjonal debatt om temaet ute i landet til våren, men vi må sjå om pandemien tillèt det, seier Sønstebø Svendseid.

Modell for framtida

Leiar Per Christian Magnus ved Senter for undersøkende journalistikk i Bergen meiner samarbeid mellom mediebedrifter er noko ein vil sjå meir av i framtida.

– Eg trur samarbeid er ei oppskrift for journalistikken i dette landet i åra som kjem, seier Magnus.

Han peikar på at alle journalistar har eit sterkt ønske om at journalistikken deira blir lesen, lagt merke til og får konsekvensar.

– Skal det skje, trur eg samarbeid er avgjerande for å lykkast. Nokre har sagt at prosjektet om den store folkevandringa er det største journalistiske prosjektet i Europa nokon gong. Eg veit ikkje om det er dekning for å seia, men det er i alle fall ikkje langt unna når det er snakk om 99 lokalaviser og NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiaren for undersøkende journalistikk kallar prosjektet nybrotsarbeid og ein modell for journalistikk i framtida. Han er overtydd om at dette er noko ein vil sjå meir av.

– Eg håpar og trur at dette er første steget til å visa veg for media generelt i Noreg til å sjå verdien av samarbeid, seier Magnus.

Han er klar på at media og journalistar alltid vil vera konkurrentar, men meiner likevel at det er fullt mogleg å samarbeida om research og publisering.

– Eg meiner det er viktig for at journalistikken skal bli tydelegare, meir synleg og få meir gjennomslag i Noreg.

Styrking av mindre redaksjonar

Ei viktig målsetjing for Senter for undersøkende journalistikk er å styrkja undersøkjande journalistikk i Noreg. Senteret har dessutan eit spesielt ansvar for lokale medium og mindre redaksjonar. Magnus meiner samarbeidsprosjektet med lokalavisene og NRK er med på å oppfylla desse målsetjingane.

– Vi ser at dette prosjektet er eit viktig steg i retning av å styrkja kompetansen i norske lokalmedium, seier han.

Han peikar på at avisene som er med i prosjektet i tre veker har kunna vera med på digitale verkstadrom der dei har fått rettleiing og trening i korleis dei skal handtera store datamengder og driva undersøkjande journalistikk.

– Mange av dei 99 lokalavisene har difor fått med seg god kunnskap for korleis ein skal gjennomføra eit graveprosjekt eller eit meir langsiktig prosjekt, seier Magnus, som meiner storsatsinga om flyttemønster også har overføringsverdi til anna journalistisk arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Flest tilflyttarar frå utlandet i alle seks kommunane
Les også
– Mange seier at nordmenn kan vera litt sky, men det har ikkje me opplevd

(©NPK)

SAMARBEID OM FLYTTEMØNSTER: Både prosjektleiar Bergit Sønstebø Svendseid i NRK (i midten), generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA), Tomas Bruvik og redaksjonell fagmedarbeidar Laila Borge i LLA har stor tru på samarbeidsprosjektet om flyttemønster i Noreg. Foto: Geir K. Hus / LLA
KJEKT, SPENNANDE OG VIKTIG: Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik, seier samarbeidsprosjektet med NRK og Senter for undersøkende journalistikk har vore veldig kjekt og spennande å vera med på. Han håpar prosjektet skal føra til at lokalavisene får laga viktig journalistikk dei elles ikkje hadde hatt tid til å laga. Foto: Beate Haugtrø / NPK
MODELL FOR FRAMTIDA: - Eg trur samarbeid er ei oppskrift for journalistikken i Noreg i åra som kjem, seier leiar Per Christian Magnus ved Senter for undersøkende journalistikk. Foto: Zulfikar Abdelhamid Fahmy