Fråstolen saksofon: Kjetil Flatland ser helst at den som har stelt saksofonen kontaktar han. Han skildrar saksofonen som veldig fin og bankers å spele på for akkurat han.

– Litt som å miste eit familiemedlem

Musikar Kjetil Flatland har blitt fråstole ein av sine kjære saksofonar. Han ber eventuelle angrande syndarar som har instrumentet liggande om å levere det tilbake. – Det er berre å setje saksofonen på trappa mi, seier han.

I mars blei ein saksofon stole frå eit låst kontor i Seljord. Den tilhøyrer musikaren Kjetil Flatland. Denne saksofon-typen er framleis mogleg å få tak i på marknaden, men Flatland meiner det ikkje blir det same med ein ny.

– Det er alltid små forskjellar på dei. Å kjøpe ny saksofon er ikkje som å gå å kjøpe seg mjølk, seier Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulle bruka saksofonen nå

Musikaren har sjølvsagt andre saksofonar han kan bruke, men det er alltids noko når ein artist har funne tonen med eit instrument.

– Eg har til dømes ein saksofon frå 40-talet som har meir sjel enn denne, men har du sjel, så er du også meir lunefull, seier han.

Han har hatt saksofonen, ein Yanagisawa 992 altsaks, i ti år. Den skulle han bruka nå som han spelar inn nytt materiale.

– Nå manglar eg ein saksofon. Dette var ein veldig fin saksofon. Den var heilt bankers å spele på. Det er surt at den er borte, seier Flatland.

Kan vera i utlandet

Saman med saksofonen blei det stole munnstykke, instrumentkasse og diamantskorne trefliser.

– Trefliser skorne av diamant?

– Som musikar så blir ein litt fin på det, seier Flatland.

Musikaren meiner den stolne saksofonen ikkje blir lett å selje i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har posta at den er stolen på ulike musikkforum, så heile musikk-Noreg veit om det nå, seier Flatland.

Han er redd den registrerte saksofonen er blitt selt i utlandet. Likevel har han eit lite håp om å få han att.

– Det er litt som å miste eit familiemedlem. Om det skulle vera ein angrande syndar som har saksofonen liggande, så vil eg at han skal ta kontakt. Også om han har kvitta seg med den. Saksofonen kan også setjast på trappa mi om det er eit meir freistande alternativ. Det er lov å gjera feil her i livet, seier Flatland.

Musikar: Kjetil Flatland.