Mange stikk til fjells denne jula – både fordi koronaen hindrar store selskap, og for å få ei kvit jul. Her frå Sjusjøen nokre dagar før jul. Foto: Geir Olsen / NTB

Lite snø i julegåve i sør – men full sol skal det bli

Blir det kvit jul? Ja, i fjellet, litt i nord og i nordvest. I låglandet i Sør-Noreg lovar meteorologane sol som eit stort plaster på såret.

– Gåva vår er nok ikkje kvit jul, men akkurat i år blir kanskje sol sett meir pris på enn snø? Og sol skal det bli – frå og med i dag, tvitrar dei.

Klar himmel betyr òg låge temperaturar, så dermed kan det nok òg bli litt rimfrost på trea, om ikkje anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis vêret blir i Vest-Telemark ser du her.

Nokre tilfeldige søk hos Yr.no for å sjekke vêret julaftan viser full sol på Kongsberg, i Drøbak, i Bergen og i Stavanger. Både før og etter julaftan ser det heile meir grått og vått ut, så det er verkeleg eit lite julegløtt som ventar.

Fjellovergangane i sør strevar tysdag med snøfokk og vind, men her skal forholda betre seg igjen i god tid før klokkene kimar om to dagar. I Nordfjord og Møre og Romsdal må folk derimot belage seg på ein god del snø, særleg i fjellet. Så der blir jula i alle fall kvit:

– Tenk at fleire i Nord-Noreg ikkje får kvit jul! Kven er det som har stole snøen?! Det kan sjå ut som at det er trønderane og naboane deira … I delar av både Trøndelag, Helgeland, og dessutan Møre og Romsdal vil nemleg snøen dale ned på sjølvaste julaftan, lyd det frå meteorologane.

(©NPK)