Leiteaksjon og flinke sjåførar

I politiloggen frå dei siste dagane meldest det om ein leiteaksjon i Fyresdal og ein trafikkontroll i Seljord.

30. desember: 

Rett før klokka 21.00 får politiet melding om at ein femten år gamal gut med autisme har forsvunne ved Bjorhustjønn i Fyresdal. Raude krossen er raskt på staden, og det blir sett i gang leiteaksjon etter guten. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter om lag ein halvtime melder politiet at han er funnen i god behald, av ein bilpatrulje som leita etter han. 

#Fyresdal#Bjorhustjønn Politiet har fått melding om at en 15 år gammel gutt med autisme er blidt borte. Politiet er på vei til stedet.

Beskrivelse: ca 170 høy, mørk jakke, sort bukse, utesko. Noen som har opplysninger ta kontakt med politiet.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)December 30, 2018

 

1. januar: 

Politiet heldt ein trafikkontroll attmed E134 i Seljord. 46 førarar blei kontrollerte, og alle køyrte bil på lovmessig vis.