Leiteaksjon: Kvinna er funne på ei hytte

Kvinna blei funne på ei hytte.

Ho blei funne av politihelikopteret. Kvinna hadde ikkje behov for helsehjelp, melder politiet klokka 21.58.

Kvinna hadde fått krampe i ein fot og klarte ikkje gå lenger. Det er sendt inn skutarar for å hente henne. Familien er varsla om at ho er funne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet takkar nok ein gong frivillige frå Røde kors og Norske redningshunder som bidrar, skriv politiet på Twitter.

Bakgrunn

Politiet sette i gang leiteaksjon klokka 19.01. Ei kvinne i 40-åra frå Haugesund hadde ikkje kome heim frå skitur som avtala.

– Me har kalla ut frivillige, politihelikopter og fleire politiressursar er på veg, melder politiet på Twitter.

Kvinna drog ut ca klokka 12 og var venta heim klokka 17. Vêret er «greitt».

– Det er litt vind, men klarvêr. Me veit ingenting om kvifor kvinna ikkje har kome fram som planlagt, melder politiet klokka 20.32.

Oppdatering 21.35: 13 mannskap frå Vinje og Haukeli Røde Kors hjelpekorps bistår politiet og hovudredningssentralen i søket etter den sakna kvinna.