Dei visste dei skulle opne gravhaugar.
Gamle funn, skjenda av europavegen.
Så fann dei noko uventa – og stort.
Langhuset på Vinjeflatane
– Fyrst såg me eldstadane ned langs midten av huset. Så såg me ein stolpe, og ein til, og endå ein, fortel utgravingsleiar Nicolai Eckhoff.
Han og ei arbeidsgruppe frå Kulturhistorisk museum er på plass på Vinjeflatane for å gjere arkeologiske utgravingar. Dette må gjerast før ein kan gå vidare med å bygge gang- og sykkelveg her. Utgravingane kostar til saman 4,4 millionar kroner.
– Eg har aldri jobba så tett på vegen før, seier Nicolai, som nett no står oppå ein av gravhaugane dei etter kvart skal opne. Nokre meter frå føtene hans går vegen tvers gjennom gravhaugen.
– Men trafikken er verst på morgonen. Utover dagen roar det seg ned, legg han til.
Dei har jobba seg vestover langs den lange, rette E134-strekninga som startar ved Vinje kyrkje, og no har dei kome eit stykke forbi Vinjesenteret.
Nicolai viser veg frå den avkutta gravhaugen og bort til feltet dei jobbar på no. Det er ikkje vanskeleg å sjå. Rett ved vegen, mellom store haugar av matjord, er tre arkeologar og studentar i full sving – viss ein kan bruke det uttrykket om ein så presis og kontrollert jobb.
Heilt blåst
Feltet dei jobbar på, er heilt flatt og reinskrapa, og rundt om er det plassert små flagg. Der det er langhusstolpar, grev dei ut halvsirkelforma stykke av bakken. Synne grev eit nytt hol no, med jordspade. Karu finpussar eit anna hol med ei lita trekanta murskei. Det dei grev bort, legg dei i trekanta blå bøtter.
– Det er søppelbøtta, forklarar Karu.
For på feltet vil Nicolai ha det aldeles blåst på dette stadiet. Ingen småstein eller jordhaugar skal ligge strødde. Til tider er det faktisk litt for blåst på feltet, for det er sjeldan vindstille på Vinjeflatane. Dermed må dei vatne for å prøve å binde det finskrapa øvste jordlaget mest mogleg.
– Men det er litt fordelar med vinden òg. For når det fine siltlaget øvst bles bort, blei det mykje enklare å finne desse, seier han, og held opp ein liten bit kvartsitt.
Det kvite, glatte steinflaket ser ut til å vere tilverka av menneske
Det kan vere ein del av ein pilspiss frå bronsealderen.
I så fall er den 2500 år gammal eller eldre.
Det var heilt tilfeldig at ein av kollegaene hans fann den fyrste biten. Så bles det litt meir, og dermed kunne dei nærast berre gå rundt og samle opp steinbitane.
– For meg, som stort sett grev ut jernalder, var det kjempemoro med eit slikt funn, gliser han.
Dei andre funna som er gjorde på Vinjeflatane er frå jernalder og steinalder, så viss dette faktisk viser seg å vere pilspissar frå bronsealderen, kan området krysse av endå ein periode på lista.
Grov huset fram med gravemaskin
Også langhuset kom ut av det blå. Ingen venta å finne noko spesielt då topplaget blei fjerna, og utgravingsgruppa gjekk rutinemessig etter med krafser og undersøkte.
Så dukka stolpeavtrykk og kolflekkar opp på rekkje og rad. Etter kvart hadde dei omrisset av eit mellom 25 og 30 meter langt hus med inngangsparti vendt ned mot Vinjevatn, tre eldstader langs midten av huset og fleire kokegroper utanfor husveggane. Huset har truleg stått her i folkevandringstida, altså for kring 1500 år sidan.
– Dei har truleg brent stolpeendane for at dei skal tole betre å stå nede i bakken, forklarar Nicolai. Saman med fargen på det rotna treverket ser me dermed avtrykket av stolpeenden tydeleg mot den gulbrune jorda.
– Det er ekstra moro å finne noko uventa, som dette langhuset. Noko ingen visste at var her, seier Nicolai.
– Kva er draumefunnet ditt når de undersøker vidare her, då?
– Viss me tenker jernalderfunn frå dette huset, så hadde det vore moro å finne ei korsforma spenne. Eg har funne få spenner i mitt liv. Og snakkar me bronsealder, så hadde det vore moro med ein heil pilspiss, gliser Nicolai.
– Ein destruktiv ting
Ved eitt av dei ferdige stolpehola er arkeologistudenten Sunniva i gang med å teikne det ho ser, som dokumentasjon for ettertida. Dei tek òg foto på bakkeplan, og vil sende opp drone for å ta bilete frå lufta.
Funn som steinbitar, beinbitar og eventuelle korsforma spenner blir lagde i små plastposar og tekne med for vidare undersøkingar.
Det nyoppdaga langhuset ligg tett ved vegen, så tett at det eine hjørnet truleg går inn under vegen. Men kva skjer med husfunnet etter at arkeologane er ferdige?
– Då legg me matjorda tilbake slik at jorda kan dyrkast, seier Nicolai.
– Og viss ein treng å bygge nett her når det blir gang- og sykkelveg?
– Då kan dei berre grave og bygge her, for då er utgravinga og dokumentasjonen gjord. Det er ein destruktiv ting, det me held på med, seier Nicolai.
– Me fjernar arkeologien, slik at folk kan bygge.
Bli med på ein videotur på utgravingsfeltet!
Det aller beste for kulturminne som dette er å få vere i fred. Derfor grev laget til Nicolai berre ut det som er direkte berørt av vegprosjektet. Kulturminna som ligg lenger frå vegen er ikkje frigjevne frå vernet dei har etter Kulturminnelova, og får ligge urørte.
– Kvifor opnar ein ikkje alt ein veit om for å sjå kva som er der, då?
– Metodane for å undersøkje og dokumentere blir betre heile tida, og i mellomtida er kulturminna best bevarte viss dei får ligge urørte. Så kan nokon i framtida opne dei med dei metodane og den teknologien dei har då, forklarar Nicolai.
– Men av og til må ein berre, rett og slett, så enkelt er det, legg han til medan han ser seg rundt på langhustomta.
– Og på den andre sida er det jo utruleg moro å grave, så det gjer meg ikkje så mykje heller.