Landsmeister og debutant

Sondre Slettetveit Andreassen (2) med tante og landsmeister Linn Kristin Slettetveit Svendsen.

Yngstemann på ridestemne i Seljord fredag er Sondre (2) som knapt har sete på ein hest før. Leia av tante som er landsmeister i sprangriding går det heilt fint.

Publisert Sist oppdatert

Sjå ungar og ponniar i aksjon her.

Det summar av aktivitet i stallen på Seljord hestesenter. Nybørsta pels og hår glinsar om kapp, og fleire fine fletter er å sjå på både ponniar og ryttarar. Heile 130 elevar tek ridetimar her kvar veke, og i dag skal 45 av dei vise kva dei har lært i sprangridingsløypa som er sett opp i ridehallen rett ved stallen. 

I eit spiltau står ein femåring i rosa regndress og børstar rideskulens absolutte kjæledegge, Idefix.

Linn Kristin Slettetveit Svendsen og ponnien Alo.
Aline Slettetveit Andreassen, tante Linn Kristin Slettetveit Svendsen – og Idefix.

–Men eg skal ri på Shakira, forklarar Alina Slettetveit Andreassen. Sjølv om ho går i barnehagen enno og strengt tatt er for ung, så er ho rideskuleelev og skal stille til start i dag. Inspirasjonen har ho frå tante Linn Kristin Slettetveit Svendsen (15), som  vart landsmeister i august og har ridd sidan ho var nesten like liten som Aline.

– Du blir ein veldig omtenksam person av å kunne ri. Du tek jo vare på eit dyr dagleg lenge, så ein får veldig omsorg og kjærleik. Det er ei veldig god erfaring som ein kan ta med seg vidare i  livet, seier den unge landsmeisteren.

– Men blir ein også ganske tøff?

– Ja, det er store dyr på mellom 300 og 700 kilo som ein skal handtere. Så ein må kunne klare å takle det.

To beinbrot

Som for å illustrere poenget slenger ponnien hennar, Alo, hovudet mot femtenåringen og gnir det opp og ned. Linn Kristin tek eit støttesteg og klør han attende. Det var saman med Alo ho blei landsmeister i august, men vegen dit var ikkje enkel. Ho fekk den kvitdroplete ponnien i slutten av 2023, men hadde berre eigd han i fem månadar då det som ikkje skulle skje skjedde. Alo var på beite med andre hestar, og han tøffa seg sikkert. Så han må ha blitt sparka, trur Linn Kristin.

Linn Kristin og Alo vart landsmeistrar i Drammen i sommar.

Han hadde to brot i beinet, og ei stund frykta Linn Kristin at han måtte avlivast. Men brota viste seg å kunne gro fint, og det vart starten på ein lang periode med omsorg og kjærleik. I eit halvt år hadde ho han ut på trening kvar dag – utan å kunne sitte på han. Denne sommaren var han heilt frisk att, og då melde dei seg på landsmeisterskapen – og vann.

– Han betyr så mykje for meg, seier Linn Kristin og stryk ponnien over kinnet. Han er berre 13 år, og har mange gode år att. 

– Men eg har berre eitt, seier ho vemodig.

Aline får mammahjelp til å få av sherroxar og på ridestøvlar.

For ryttarar kan berre ri ponniar i konkurransar ut det året dei fyller 16 – så er det hest som gjeld. Dermed må Linn Kristin gje slepp på Alo om eit års tid, for å behalde han for kosen blir for kostbart.

– Det er ein dyr sport å drive med. Veldig dyr, og særleg om du skal rundt på konkurransar, seier Linn Kristin.

Og det er konkurranseridinga som driv Linn Kristin. Ho har deltatt i Oslo Horse Show to gonger, og i morgon er det stemne på Vallemyrane som står på timeplanen. Neste store mål er også klart: Balticup, med deltakarar frå heile Norden.

– Nå må du gå med Aline, minner mor Ingunn henne på, og Linn Kristin fer bort til tanteungen. Aline har kome seg ut av dei rosa regnkleda og har på seg ridebukse, ridestøvlar og hjelm. Ved sida henne stabbar veslebror Sondre (2) rundt, men han skal ikkje delta.

– Nei, han er for liten, seier Aline bestemt.

Så tek ho tante i handa og dei fortar seg ut av stallen, over det klissvåte tunet og vidare inn i ridehallen. Sondre, mamma, pappa og besta følger etter. 

Alle får sløyfe

Inne i hallen er fargerike bommar lagt ut. Dei ligg heilt nede i flisdekket, for dei yngste ryttarane skal berre ri over bommane i det rette mønsteret. Så blir hindera heisa litt og litt høgare ettersom dei eldre og meir erfarne ryttarane skal i elden. 

Rideinstruktør Anne Høgetveit tek leiinga og bak henne følger ein lang hale av svarte ridehjelmar. Alle ryttarane går til fots gjennom løypa som seinare skal ridast og hoppar over bommane i rett rekkefølge.

Her går dei yngste ryttarane løypa saman med instruktør Anne Høgetveit.
Anne Høgetveit er instruktør på rideskulen og passar på så alle deltakarane kjem seg rett veg rundt hinderløypa.
Tante Linn Kristin forklarar banen for Sondre og Aline Slettetveit Andreassen.

– Dei må heilt ut til hjørnet, slik at dei får ein god sving inn mot neste hinder, forklarar mor til Anne, Gitte Høgetveit, medan ryttarflokken strøymer på kryss og tvers gjennom hallen. Det er Gitte og ektemannen Stig som eig Seljord Hestesenter og som arrangerer dette lågterskel-stemnet for rideskuleelevane. 

Stemnearrangør og eigar av Seljord hestesenter Gitte Høgetveit.

– Her kan alle vere med, og alle får sløyfe, smiler Gitte. Så plukkar ho opp  mikrofonen som ligg på høgtalaren i hjørnet av hallen – for hennar rolle i kveld er speaker. 

Stig Høgetveit finn ein ekstra bom til ridebanen.

På andre sida av hallen står Stig og halar og dreg i ein kvit bom med kryss i kvar ende som ligg på ei hylle langs veggen. Han får den ned og ber den bort til kanten av banen, der den blir til eit gjerde mot ponniane som står i kø for å starte på løypa. 

Klokka 17 er tribunen full av spente foreldre, besteforeldre og sysken, men Sondre har ingen planar om å sjå på. Han har fått på seg ein hjelm og sit plutseleg klar oppå Idefix. Aline  er allereie ute på banen som fyrste deltakar. Ho rir på ponnien Shakira og blir leia av tante. 

Sondre Slettetveit Andreassen (2) får hjelp av tante Linn Kristin på ridestemnet i Seljord.
Aline Slettetveit Andreassen (5) i aksjon på ridestemne i Seljord.

Når dei har fullført løypa slepper tante Shakira – så tek ho tak i Idefix og leier han ut på banen med toåringen Sondre oppå. Dermed er den rekordunge stemnedeltakaren Aline allereie overgått av ein endå yngre ryttar. Trygt i mål får Sondre ei grøn sløyfe og smiler som ei sol – men har følgande melding om rideopplevinga: – Eg aua rumpa.

Sondre Slettetveit Andreassen (2) viser stolt fram den grøne sløyfa han fekk då han hadde fullført løypa.
Liva Vilja M. Pedersen og Marie Bekken Frøland frå Sauland har nettopp sprunge gjennom hinderløypa dei snart skal ri.
Enya Opsalhagen Flatland med den fyrste sløyfepremien – men ho skal vinne fleire i dag.
Enya Opsalhagen Flatland (9) frå Øyfjell i full fart på hinderbanen.
Mathea Tollefsjord frå Notodden hadde pynta ponnien Mojo skikkeleg fint til ridestevne.
Ponnien Lenda var også nydeleg frisert til stevnet.
Lita Elisabeth Ørretsen frå Langlim valte seg ei gul sløyfe.
Lita Elisabeth Ørretsen frå Langlim i aksjon på ponnien Lenda, og med trygg støtte frå instruktør Anne.
Kristin Håvardsdotter Moe-Gjerjordet med sløyfepremien sin.
Kristin Håvardsdotter Moe-Gjerjordet har berre ridd 6-7 gonger før, men tok hinder i både trav og gallopp.
Madeleine Gundersen Tveit (5) har knapt ridd før, men inspirert av venninna Aline melder ho seg på ridestevnet.
Sondre og Aline Slettetveit Andreassen med sløyfene dei vann.
Powered by Labrador CMS