Nær to av tre lærarutdanningstilbod har ledige studieplassar.Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK

Lærarutdanningane fyller ikkje opp studieplassane

Nær to av tre lærarutdanningstilbod har ledige studieplassar.

– Eg skulle ønske eg hadde eit godt svar på kva det kjem av og korleis vi unngår det. Eg trur det handlar mykje om statusen til læraryrket og korleis vi rekrutterer fleire til utdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til Khrono.

Det er ved hovudopptaket i år 968 færre (-4,1 prosent) kvalifiserte søkjarar, og 417 (-3,5 prosent) færre søkjarar med tilbod om studieplass til grunnskulelærarutdanningar og lektorprogram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Størst nedgang i søkjarar som har fått tilbod i førsteopptaket har studia for grunnskulelærarutdanningane 5.–10. trinn, der er nedgangen 14,9 prosent.

(©NPK)