Reggae-rytmar: Junior Toulou Dennis flykta frå Liberia i 1990. I 2003 kom han til Vinje, og her har han arbeidd i vedproduksjonen til Kvito og sytt for at ordføraren – og andre – har passeleg lang ved. Blid og sporty heiv han seg rundt og framførte fleire songar nærast på sparket på jubileumsfesten. – Eg elskar Vinje. Folk er så hjelpsame her, og alle er så koselege! slår Dennis fast. – Eg kjende Jon Rikard før han vart ordførar også, veit du. Er det ikkje rart korleis tynne folk får meir mage når dei blir sjef? spør han, og kikkar lattermildt bort på Kleven.

Kvito 10 år: – Nå stenger me produksjonen og feirar!

Når ein samlar den mest positive gjengen i verda, som i tillegg lagar dei beste kakene i eiget bakeri – då blir det skikkeleg feststemning!

Tysdag sette Kvito produksjonen på pause i Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje, for då var både tilsette, brukarar, eigarar og gjester samla til 10-årsfeiring i Åmot.

Kontrasten var stor mellom snøslapset ute og dei glade reggae-rytmane som strøymde ut døra då me opna døra til jubileumsfesten. Yttergangen var full av folk, og kantina innanfor også. I sentrum for det heile stod Junior Toulou Dennis og song med liv og lyst Bob Marley-låta «No woman, no cry».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vito – Kvito

For ti år sidan slo tre lokale arbeids- og inkluderingsbedrifter seg saman. Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke vart til Kvito.

– Det var Kviteseid som ville ha med den K-en, forklarar Jon Rikard Kleven. Han sit i generalforsamlinga til Kvito saman med dei tre andre ordførarane i eigarkommunane.

Vito Kompetanse hadde nokre innvendingar mot å legge til K-en.

– Det var liksom ei meining bak namnet Vito, som både refererte til eigarkommunane Vinje og Tokke og «vi to», saman. Det siste betydde så mykje at me lot «vi» stå fyrst, sjølv om Tokke eigde 70 % av bedrifta, forklarar Tom Kroken, som var styreleiar i Vito Kompetanse.

– Og då blei det kluss når dei ville setje på ein K!

– For ikkje å snakke om rabalderet når nokon føreslo å skrive det med Q, skyt Kleven inn.

Men Kvito vart bedrifta heitande, og etter den fyrste samanslåinga har også Nissedal blitt med – utan at det har blitt lagt inn nokon N så langt.

Vito-leiar: Tom Kroken treivst godt i Vito. – Det var ei kjempeflott bedrift, og eg hadde aldri slutta viss eg ikkje hadde fått eit så godt tilbod frå ABB, sa Kroken. ABB er ei av bedriftene Vito, og seinare Kvito, har levert kvalitetsprodukt til.

Faste brukarar – og dei som berre treng ein liten dytt

Kvito har om lag 20 årsverk, og like mange brukarar. Bedrifta kan vere til hjelp i ulike situasjonar. Til no i år har bedrifta fått heile 27 personar tilbake i arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har dei faste brukarane, men også dei som berre treng litt hjelp til å snu ting, fortel Aanonsen.

– Kanskje ein har gått på ein smell, vore sjuk, eller kanskje ein ikkje har sjølvtillit til å koma i gang i arbeidslivet etter å ha gått på skule. Det å bli bevisstgjort og bruke det er me gode på her. Ja, eg seier «me» enno, eg, ler den tidlegare daglege leiaren.

Blom til dei gamle: Svend Helge Aanonsen (t.v.), Tom Kroken og Øystein Høgetveit har alle vore sentrale i Kvito-historia, og på jubileumsfesten vart dei takka med blom.

Gjev ein kveik til alle

Det var mange som ville seie nokre ord på festen, og ein av dei var tidlegare styreleiar i Vinje Vekst, Øystein Høgetveit.

– Eg sette pris på å vere styreleiar. Her er eit miljø som gjev ein kveik til alle som er innom. Det er inkluderande på alle vis, sa Høgetveit, som også framheva kor viktig ein møteplass Kakeringen er i bygda.

Ordførar i Tokke Jarand Felland heldt også ei bursdagstale, og hadde med seg ei blomstergruppe og eit glas lokalprodusert honning til kvar av avdelingane. Etter han reiste Kleven seg.

– Eg må seie nokre ord eg også. Eg er veldig glad for denne bedrifta, for eg får veden min herfrå. Eg prøvde å lage ved sjølv dei fyrste åra eg budde i Øyfjell, men den vart alltid for lang. Dessuten kjøper eg kaker på Kakeringen, for dei er betre enn dei eg bakar sjølv. No har ikkje eg med nokon blom slik som Jarand, men kommunen har jo gjeve dykk ei ny klesrulle i bursdagsgåve, smilte han.

Glad for gåva: Ei ny klesrulle er ei fantastisk bursdagsgåve, seier dagleg leiar i Kvito, Torbjørn Blichfeldt Dyrland, som gler seg til å bli kvitt den upraktiske gamle rulla.

Og klesrulla var den store gleda på festdagen. Mange måtte bortom å kikke på den lite funksjonelle rulla i vaskeriet, og då Kleven drog på seg topplua for å forlate festen, fekk han sjølv ei lita overrasking. Ei av Kakering-jentene kom etter han med ein stor, kvit kakeboks.

– Ta med denne opp på kommunehuset, og sei tusen takk frå oss alle, smilte ho.