Ordførar: Bjørn Nordskog

Kviteseid fylgjer dei nasjonale retningslinene: Går frå påbod til sterk oppmoding

Vidareføring av karantenepåbodet vil medføre store administrative oppgåver, mellom anna søknader om dispensasjon, skriv ordførar og kommuneoverlege.

– Kommunen støttar regjeringa sitt mål i å utsette og stoppe vidare spreiing av koronaviruset, og vi treng hjelp frå alle innbyggjarane i heile kommunen og i heile regionen for å klare dette. Frå Kviteseid kommune si side er det viktig å understreke at alle reiser bør haldast på eit minimum, heiter det i det nye vedtaket frå Kviteseid kommune.

Karantenepåbodet som har blitt praktisert er no avslutta og den nasjonale rettleiaren blir fylgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei vidareføring av eit karantenepåbod vil medføre store administrative oppgåver, mellom annan når det gjeld søknadar om dispensasjon, heiter det i vedtaket som er signert ordførar Bjørn Nordskog og kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen.

Kommunen sitt inntrykk er at forståinga for smittesituasjonen er svært god og at mange gjer sitt ytste for å hindre spreiing av koronasmitte.

– Situasjonen i dag er slik at vi ikkje har påviste smitta personar i Kviteseid kommune og då er det viktig at ein ikkje utsett seg sjølv eller andre for smittefare, skriv dei, og minner om at det er viktig med god handhygiene, avstand og å unngå samling av mange personar på ein stad.

– Dette er særleg viktig å hugse på i kassakøen og på butikken kor det ofte kan vera mange personar på ein gong, minner dei om.

Kommunen oppmodar sterkt om at personar som kjem inn i kommunen frå eit område som har høgare førekomst av smitte enn det vi har i Vest-Telemark vel å ta ei 14 dagars heimekarantene.

– Dette ynskjer vi at folk gjer for å beskytte kommunen sine innbyggjarar slik at vi framleis kan ha ingen/få smitta, skriv dei.

– Vi oppmodar på det sterkaste at råd som er gjeve til verksemder og enkeltpersonar vidareførast i tida framover for å hindre spreiing av smitte. Dette inneber mellom anna at dei som kan ha heimekontor held fram med dette. For verksemder som held fram med drift, må vere medvitne sitt ansvar når det gjeld å hindre smittespreiing. Verksemder og enkeltpersonar treng ikkje lenger søkje om fritak til innreise, og med dette kvilar det eit stort ansvar på kvar og ein slik at du ikkje blir den som «dreg smitte til bygda», heiter det vidare.

Det blir elles lagt til at hytteforbodet gjeld, og at lova også gjeld for campingplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I år blir det ei annleis påske for oss alle. Me vil oppmode alle vesttelar til å sjå naboen, sjå bestemor, sjå onkel, sjå sysken med fleire om enn via nettet.

– Det lokale helsevesenet må framleis vere rusta for ei auke i smittetalet. Vi trur ikkje at vi slepp unna smitte her i Kviteseid eller i Vest-Telemark. Vi må syte for at vi kan ha helsearbeidarar som kan klare dei utfordringane som kjem og at utfordringane ikkje vert større enn naudsynt. Vi må også psykisk klare dei belastningane som kjem. Psykiske belastningar relatert til einsemd, sjukdomsangst, uro for arbeidslivet og økonomiske vanskar er også viktig å ta med i dagens situasjon. Ikkje ta unødig risiko, bruk påska heime, er oppmodinga frå ordførar og kommuneoverlege.

.