Vil finne omfanget av hovudpinesjukdom: Maria Bengtson Argren er nevrolog og doktorgradsstipendiat for studien PopHead som måndag blir sendt ut til 31 500 kvinner og menn mellom 18 og 70 i Vestfold og Telemark.

Kvifor slit så mange med hovudpineplager? Nå skal vesttelane få vere med å svare

Det blir hevda at om lag 900 000 menneske i Noreg slit med hovudpine, der både migrene og spenningshovudpine er vanleg. Nå ynskjer Maria Bengtson Argren, nevrolog og doktorgradsstipendiat, å kartlegge om desse tala er rette og vere med å skape eit betre behandlingstilbod for dei som er ramma.

Vestfold og Telemark er landets sjette største fylke med nær 425 000 innbyggjarar. Nå vil 31 500 kvinner og menn mellom 18 og 70 få ein invitasjon gjennom Helsenorge til å delta på ei undersøking knytt til eit forskingsprosjekt.

– Spørjeskjemaet som blir sendt ut måndag skal bli bruka for å skildre omfanget av hovudpinesjukdom i Noreg. Me har tal som seier at om lag 900 000 menneske i Noreg slit med hovudpine. Men kor mykje påverkar denne lidinga samfunnet, kor stort press legg det på helsevesen og arbeidsliv? Er desse tala rette og kvifor har me ikkje eit betre behandlingstilbod for dei som er ramma, spør mellom anna Maria Bengtson Argren som er nevrolog og doktorgradsstipendiat for studien PopHead.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at den digitale undersøkinga er ny og unik i forskingssamanheng, og at det er fyrste gongen ein nyttar eit digitalt spørjeskjema via Helsenorge for å nå breitt ut til folket for å hente informasjon.

Fylket er Noreg i miniatyr

Argren, som kjem frå Langesund, jobbar ved Rikshospitalet i Oslo og spørjeundersøkinga som nå blir sendt ut er frå nevrologens masteroppgåve ho leverte i fjor sommar.

– Eg ynskjer at svara me får frå denne undersøkinga kan bidra til eit betre behandlingstilbod for dei som er ramma av hovudpine i heile Noreg. Til meir me veit, til meir kan me gjere for pasientane, seier nevrologen.

Ho seier at grunnen til at dei vel å sende ut undersøkinga i Vestfold og Telemark er at fylket har dei demografiske variablar innan kjønnsfordeling, aldersfordeling, utdanning og inntekt som ho meiner er representativt for heile landet.

– Vestfold og Telemark er som Noreg i miniatyr, seier Argren.

Håper å gjere ein forskjell

Via eit tilfeldig utval i folkeregisteret vil innbyggjarane i Vestfold og Telemark få tilgang til undersøkinga ved å logge inn på si side på Helsenorge. Undersøkinga vil vere tilgjengeleg i fire veker, og alle opplysningar som kjem inn er anonyme.

– Kor mange håpar du vil svare på undersøkinga?

– Om det er opp til meg håpar eg sjølvsagt 100 prosent, men alle svar er like viktige. Jo fleire som svarar, til meir robust blir dei data me sit att med og kan jobbe vidare med. Eg håpar jo innbyggjarane i Vestfold og Telemark ser gleda av å bidra til viktig forsking som kan bety mykje for mange, og som ikkje er gjennomført i nordisk samanheng tidlegare, seier Argren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når meldinga kjem fyrstkomande måndag, er nevrologen takksam for alle som vil bruke litt tid på å svare.

– Det tar ikkje lang tid, om ein ikkje er plaga av hovudpine er undersøkinga gjennomført på eitt til to minuttar, om ein svarar ja og må gjennom litt fleire spørsmål, er ein ferdig i løpet av maks ti minuttar. Dette skal ikkje stele mykje av folks tid, men me håpar at svara som kjem inn kan vere med på å gjere ei endring i behandling av hovudpine i Noreg i framtida, seier nevrologen.

Kostar samfunnet: Om lag 15 prosent av alle vaksne kvinner og 6 prosent av alle menn i Noreg har migrene, opplyser Norsk helseinformatikk.