Privat
Privat

Kven eig konvolutten med pengar?

Seljord: I den fyrste veka av 2019 vart det levert inn ein konvolutt til Seljord lensmannskontor.

– Konvolutten vart funne i sentrum, og inneheld eit større kontantbeløp. Utanpå konvolutten står det skrive eit fornamn, fortel Else Krogseth Eilefstjønn, ved Seljord lensmannskontor.

Ho delte ei etterlysing etter konvolutteigaren på Facebook i helga. Posten er delt 760 gonger måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eigaren er framleis ukjent, seier Eilefstjønn.