Kommentar

Kommunehuset i Kviteseid.

Kva skjer no?

Publisert

– Det er heilt vilt!

– Eg er sjokkert!

VTB møter innbyggjarar på telefon, e-post, på kontoret, ute i bygda, og nokon uttrykker seg også direkte gjennom lesarinnlegg i lokalavisa.

«Kviteseid ga Sven Tore Løkslid ny tillit – men hvem ga kommunen tillit til å gjøre det?  spurte Sandra Frey-Waltermann i eit lesarinnlegg 9. oktober. 

Bakteppet var at fylkesordføraren måtte gå av fordi han hadde ljuge om eit forhold og sendt nakenbilde til yngre kvinner. Like etter fekk han jobb som økonomisjef/assisterande kommunedirektør i Kviteseid.

9. oktober publiserte VTB ei sak om at Kjetil Lie frå Telemarksforskning var ein av søkarane til sjefsjobben. Han er utdanna sosialøkonom og har kommuneøkonomi som sitt spesialområde. Løkslid fekk jobben utan å ha bachelorgraden som kommunen sette som krav.

Å søke jobb i Kviteseid kommune hausten 2026 kan sjå ut til å ha vore «uhell i uhell» for Løkslid. Tilliten til kommuneadministrasjonen var ifølgje fleire innbyggjarar VTB har snakka med tynnslitt lenge før den tidlegare fylkesordføraren søkte seg oppover i fylket. Det er kanskje ikkje så mykje tålmod att i Kviteseid-bygda?

«Når er det eigentleg nok?, spør Marianne Tveit på vegner av Kviteseid Frp i eit lesarinnlegg 17. oktober og viser blant anna til kommunelova.

Tveit peiker på saker som «Hauglandmyra, omsorgsleilighetar på KOS, vegen til Lavustadfeltet og i bustadfelt i Vrådal, tilsettingar av kommunalsjef og økonomisjefar.»

– Kva skjer no? spør nok ein innbyggjar på telefon.

Det er mange spørsmål. Og nokre svar lar vente på seg.

VTB vil fortsette å stille kommunen, både administrasjon og politikarar, spørsmål på vegner av innbyggjarane. 

Tveit meiner i sitt innlegg at nokon må stillast til ansvar og at drastiske endringar må til.

Kva tenker leiarane i Kviteseid kommune om vegen vidare?

Powered by Labrador CMS