Om lag 170 husstandar vil få ny adresse sidan ein no må finne eit nytt namn til vegstrekket mellom Bjørge og Århus der den nye E134 vil svinge av og inn gjennom fjellet. 		Båe
Om lag 170 husstandar vil få ny adresse sidan ein no må finne eit nytt namn til vegstrekket mellom Bjørge og Århus der den nye E134 vil svinge av og inn gjennom fjellet. Båe

Kva skal Flatdalsvegen heite?

På grunn av den nye europavegen som skal gå gjennom tunellen i Mælefjell, kan ikkje E134 frå Bjørge til Århus lenger heite Flatdalsvegen.

Når du kjem køyrande på nyveg i Seljord, eller langs Bygdaråvegen på E134, som han rett nok heiter, kjem ein i dag inn på Flatdalsvegen i det ein passerer krysset til riksveg 36 i retning Manheimstrondi. Deretter kan ein trygt køyre Flatdalsvegen heilt forbi krysset til Svartdal, der europavegnamnet blir endra til Hjartdalsvegen.

Men slik vil det ikkje bli i framtida. I desember skal den nye tunellen gjennom Mælefjell opne, og europavegen vil ikkje lenger gå gjennom Flatdalsbygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegstrekket frå Århus og vidare til overgangen mellom Flatdal, Svartdal og Hjartdal, vil få behalde Flatdalsvegen – men det vil bli behov for ei omadressering knytt til adressenummer. Og vegstrekket frå krysset til Bjørge og opp til Århus, det vil trenge eit heilt nytt namn.

Treng nytt namn

I samband med at plan, miljø og teknisk utval i Seljord kommune var samla onsdag, vart utvalet orientert om vegnamnendringa som vil kome på sakskartet i neste planmøte.

– Kommunen må finne eit nytt vegnamn, og før neste planmøte er det fint om de kan tenke ut nokre alternativ, kunne avdelingsingeniør ved teknisk eining i Seljord, Bjørn Arild Hagen, informere planutvalet om.

Avdelingdingeniør ved teknisk eining i Seljord kommune, Bjørn Arild Hagen, ynskjer innspel til nytt vegnamn.
Avdelingdingeniør ved teknisk eining i Seljord kommune, Bjørn Arild Hagen, ynskjer innspel til nytt vegnamn.

170 får ny adresse

Hagen kunne fortelje at i samband med det nye vegnamnet, vil om lag 170 husstandar få ny adresse.

Medlemmene i planutvalet starta raskt å drodle på aktuelle vegnamn som kunne vere aktuelle, men ytra ynskje om at dei gjerne vil ha hjelp til innspel frå innbyggjarane.

– Viss de betalar veldig godt, kan de få bruke Bjaadalsvegen, skøya Lars Bjaadal (Sp).

– Og eg blir vel råka av denne adresseendringa, men eg skal vel finne vegen heim uansett, smilte Edvard Mæland (H).

– Det nye vegnamnet må vere på plass til desember, så me har ikkje meir tid enn me må ha, avslutta Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter planutvalet har hatt vegnamnsaka til handsaming, skal ho også ut på høyring.

tone.tveit@vtb.no