Clemules-klementinar frå Bama. Foto: Bama / NPK

Kva heiter det? Klementinar eller mandarinar?

Heiter det klementin eller mandarin? Dei lærde stridest. Årets Clemules-klementinar frå Bama har meir frø enn vanleg i år grunna vêr og vind.

Dei siste åra har det vore ei enorm utvikling av nye klementin- og mandarinsortar på marknaden, skriv Bama i ei pressemelding. Fleire av dei nye sortane er botanisk sett mandarinar. Me kallar dei likevel klementinar, fordi dei har dei same eigenskapane. Dei er søte, saftige og lette å skrella.

I dag dyrkar ein dei fleire stader både på den nordlege og den sørlege halvkula. Likevel er dei mest populære i november og desember. Bama er no i gang med Clemenules frå Spania, ein av dei meir kjende klementinsortane.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av vêrrelaterte utfordringar, er det generelt oppdaga meir frø enn vanleg. Det kjem av naturleg pollinering frå både bier og vind.

(©NPK)