«Draum og røyndom»
– Kunst handlar om å vere ærleg om livet
Lina hentar styrke i songen, medan Ruth bruker pensel og ord for å jobbe seg frå mørke til lys. Nå vil dei flette saman song, dikt, bilete og pianotonar til ei oppleving som kan vise veg inn i avstengde rom.
Det er snart ti år sidan Lina Haugholmen tilfeldigvis kom i prat med Ruth Kvålo Dalen på veg ut frå eit møte.
Ungane deira leika, dei to mødrene skravla, og begge kjende på ein god kjemi. Lina visste ikkje at Ruth måla, og Ruth ante ikkje at Lina song, men frøet til ein nær venskap var fødd.
Når me skriv november 2025 er det ikkje berre to gode vener som sit i sofaen i Ruths atelier i Siloen gardsbutikk i Nordbygdi.
Det er også to kunstnarsjeler som har funne ein samklang mellom måling, ord og musikk som dei gjerne vil dele med andre.
Syng seg gjennom brottsjøane
Lina har alltid drive med song, både i kor, solo, band – og i Idol.
– Det er om lag 150 år sidan, og det er mange ting eg er meir stolt av etter det, ler 46-åringen, som særleg dei siste ti åra har blitt ei velkjent stemme på ulike tilstellingar i Vest-Telemark.
Ho har eit spesielt hjarte for folketonane, og nokre folketonesongarar Lina har stor sans for er blant andre Helene Bøksle, Sissel Kyrkjebø og Ingebjørg Bratland.
– Det gjev meg mykje glede å synge, særleg om nokon andre får noko ut av det.
I tillegg til at songen kan bety noko for andre, har den også vore ei stor styrke for Lina sjølv når livets brottsjøar har treffe. Songen har halde henne oppe når nære familiemedlemmar har blitt rivne bort, og den gjev lys og håp i ein kvardag der ho slit med kronisk sjukdom.
– Lys trass i smerta
Den same trøysta og styrken finn Ruth i sitt arbeid med måleri og dikt. Då mannen hennar blei alvorleg sjuk og døydde sommaren 2018 var livet på sitt mørkaste, og det ber bileta og dikta ho skapte då og etterpå tydeleg preg av.
Men det er ikkje berre mørke heller.
– Det er lys trass i smerta, seier Ruth.
Ho er oppteken av at alle sit med ein bagasje, ei pakke med ting ein har opplevd i livet, og at kunsten kan nå inn til stadar i oss som me kan ha vanskeleg for å opne opp.
– Kunst handlar om å vere ærleg om livet. Den kan utløyse noko godt for folk. Det er ikkje alltid ei samtale kan hjelpe, men så kan kunsten klare det.
Sterkare saman
Når Ruth har stilt ut bileta sine og når Lina har synge, har dei begge opplevd å få attendemeldingar frå menneske som fortel at eit bilete dei såg eller ein song dei høyrde har fått sorg dei har bore på til å losne.
Ruth og Lina trur opplevingar som dette blir endå meir kraftfulle når dei ulike kunstformene får forsterke kvarandre. Derfor har dei nå sett saman ei framsyning der songen til Lina blir fletta saman med dikta og bileta til Ruth og pianotonane til Jan Tore Gauslaa Halvorsen. Til laurdagen kjem dei tre til Bø Bok og Papir for å vise dette fram for fyrste gong.
– Me vil skape eit rom som ein blir dratt inn i, eit rom fletta saman av musikk, song, dikt og lyssetting, seier Ruth.
Den samanfletta kunstopplevinga er ein pop-up som berre er tilgjengeleg der og då, men Ruth og Lina utelukkar ikkje at den kan dukke opp att andre stadar seinare.
– Det blir spanande med tilbakemeldingane, smiler dei to kunstnarvenene.
– Kjenner me på godfølelsen etterpå så blir det nok meir.