På Austlandet har folk strøymt til skiløypene for å nyte det klare, kalde vintervêret. Det blir nye høve til i helga, men med tosifra tal kuldegrader er det best å kle seg godt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Kulda festar grepet i sør – mildt og sludd i nord

Hittil i januar har det vore varmare i Tromsø enn i Oslo. Inn mot helga fell temperaturane ytterlegare på Austlandet.

Her finn du vêrmeldinga for dei seks kommunane i Vest-Telemark.

Det klare, kalde vêret held fram i Sør-Noreg. Eit høgtrykk over Russland er i ferd med å byggje seg opp, og det betyr endå kjøligare luftmassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig kjem eit mildare vêrsystem inn over Nordland, Troms og Finnmark.

Medan Tromsø er snøfritt og ligg an til eit par plussgrader, har til og med Oslo sentrum eit kvitt snødekke og stadig fallande gradestokk.

– Fredag og laurdag må ein rekne med tosifra tal på minusgrader på Austlandet. Oslo ligg rundt minus 10, medan i indre og høgareliggjande strøk vil det nok bli nærare minus 15, seier Charalampos Sarchosidis, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Også Vestlandet og Trøndelag får meir av den kalde klare vêrtypen inn mot helga. I Bergen blir det truleg rundt 5 kuldegrader.

Sludd og regn i vest

Men frå laurdag er det venta varmare luftmassar frå vest. Det betyr plussgrader endå ein gong på Vestlandet, og litt regn og sludd følgjer med på kjøpet. Også vestlege strøk av Sør-Noreg får litt mildare og våtare vêrtype mot slutten av helga.

Trøndelag slepp derimot unna sludd og regn som Vestlandet får, og det kalde høgtrykket held seg stabilt dei næraste dagane.

I byrjinga av neste veke ser det ut til at mildare luftmassar er på veg inn mot Sør-Noreg og Trøndelag igjen.

– Då blir det lågtrykksaktivitet og dårlegare vêr. Så det er berre å tilrå folk i Sør-Noreg å nyte dei rolege, fine vinterdagane i helga, seier Sarchosidis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulda tilbake i nord

I snøfattige nord blir det etterlengta snø fleire stader inn mot helga. Det er ein mildare vêrtype, så nedbør kan komme som regn eller sludd på kysten, men som snø lenger inn i landet.

– På kysten kan vi få eit par plussgrader. Hittil i januar har Tromsø hatt høgare middeltemperatur enn Oslo. Så det er faktisk varmare i Tromsø enn på Austlandet, seier Sarchosidis.

– Dessutan er det for tida snøfritt i Tromsø. Det er veldig sjeldan på denne tida av året, legg han til.

Over helga vil likevel kulda vende tilbake òg i Nord-Noreg. Det kan komme enkelte snøbyer, men vil stort sett vere kaldt og tørt.

(©NPK)