Gunn Marit Helgesen og KS er overraska og skuffa over det dei karakteriserer som manglande satsing på fylkesvegane i statsbudsjettet. Foto: Heiko Junge / NTB/ NPK

KS meiner regjeringa nedprioriterer fylkesvegane

KS er overraska og skuffa over det dei karakteriserer som manglande satsing på fylkesvegane i statsbudsjettet.

– Manglande satsing på fylkesvegane er både overraskande og skuffande når statsråden så tydeleg tar til orde for godt vedlikehald og eit trygt fungerande vegnett som kan brukast i mange år, seier Gunn Marit Helgesen i KS, organisasjonen til kommunesektoren, i ei pressemelding.

Nye kartleggingar viser at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er rundt 100 milliardar kroner. Ekstremvêr som følgje av klimaendringar krev òg meir sikring mot flaum, ras og skred.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til NVEs arbeid med å førebyggje flaum- og skredfarar med 220 millionar kroner, der 150 millionar skal gå til hastetiltak etter ekstremvêret Hans.

– KS har lenge etterlyst eit varig taktskifte i førebyggjande flaum- og skredsikring. 70 millionar er ein forsiktig start som vi håpar blir forsterka i Stortinget, seier Helgesen.

(©NPK)