Kristine er lidenskapeleg opptatt av fotografering, men har møtt mykje motstand.

Kristine kjempar mot smerter og motgang, men finn styrke gjennom fotografering

VTB møter Kristine Slyngstad (33) heime i kjellaren i faren sitt hus i Fyresdal, der ho bur saman med dei to kattane sine. Her prøvar ho på nytt å finne ein kvardag som fungerer, der fotograferinga spelar ei stadig viktigare rolle.

Publisert

Interessa for foto starta tidleg. 

Kristine fortel at ho som 13-åring stal eit eingongskamera. Sidan fekk ho fleire. Men motiva var ikkje alltid like planlagde. 

– Det blei dyrt for familien å framkalle bilete av bein og himmel, ler ho.

Ho fekk eit lite digitalkamera, og brukte seinare konfirmasjonspengane på sitt fyrste speilreflekskamera. 

Fotograferinga vart ein måte å uttrykkje seg på, spesielt i ei tid der mykje var vanskeleg.

– Eg gjekk gjennom ein tøff periode på ungdomsskulen. Skilte foreldre, mykje att og fram, i tillegg til alt det «normale» som skjer i den alderen. Eg trur eg prøva å uttrykke ting ved å ta bilete.

Livet på vent

Kristine er fødd på Sunnmøre, men flytta til Fyresdal rett før ho skulle starte i første klasse. Her gjekk ho heile grunnskulen, før ho reiste til Seljord for å gå på medie- og kommunikasjonslina. 

Ho såg for seg ein karriere innan foto. Ho gjekk ut av vidaregåande med gode karakterar.

– Men så likar eg å fotografere så mange ting, så eg har ikkje spesialisert meg på noko. Det har nok også gjort det litt vanskeleg, seier ho.

Kristine slit med fleire kroniske plager. Migrene, dårleg søvn, IBS, dårleg hukommelse og smerter. Med medisinar fylgjer biverknadar, og ho fortel at ho slit mykje med søvn. Det forverrar både smertene og psyken. Det er mykje av det ho har lyst til å gjera, som ho ikkje får gjort. 

– Eg føler at livet har stått på vent i sju-åtte år.

Ho har dagar der ho synest livet er enormt urettferdig, men jobbar for å koma seg opp av kjellaren. 

Uventa lidenskap

Kristine fortel at ho alltid har likt dyr, men at ho aldri hadde trudd at ho skule få veldig stor interesse for hundeløp.

– Eg hatar jo eigentleg vinter, seier ho og ler.

Ho hadde knapt rørt kameraet på to-tre år, og var langt nede psykisk. Kjærasten ho hadde på det tidspunktet hadde drive med dette i mange år, og skulle vera handlar, og meinte Kristine burde vera med. Ho søkte pressepass og tok med kameraet. Ho vart introdusert for miljøet, og opplevde ei meistring og glede ho ikkje hadde kjent på lenge.

Å ta bilete på hundeløp er ein stor lidenskap for Kristine.

Ho knipsa i veg – og elska det. 

Kristine har mykje ho gjerne skulle ha gjort, men kroppen set ofte ein stoppar for det. – Av og til kjenner eg på at det er veldig urettferdig, seier ho.

Ho fortel om kulde, adrenalin og spenning. Om millisekund som avgjer om eit bilde blir bra, og om gleda då ho kjende at ho fekk det til. 

– Det at eg meistra det var veldig stas, seier ho.

Sidan har ho vore på fleire hundeløp, og har også planar om fleire løp denne vinteren. Ho fortel at når eit hundeløp er ferdig, føler ho seg tom. 

– Eg byrjar nesten å grine berre av å tenke på det. Det er kjempeemosjonelt. Ein ting er at ein er sliten og underernært på søvn, men så er det veldig mange fine augeblikk som eg lever lenge på. Så eg byrjar allereie på vegen heim å telje ned til neste løp, smiler ho.

Kristine viser bilete og fortel kor viktig desse løpa har blitt for henne. Ikkje minst som fotograf. På spørsmål om korleis fotograferinga påverkar helsa, svarar ho at det meste er positivt.

Dette bilete betyr ekstra mykje for Kristine. – Det var i rette augeblikk, då vinden kom og all snøen føyka. Eg fekk stilt inn kamerat og fekk fanga det.

– Når det er så mange ting i livet som ikkje funkar, og ein kropp som jobbar mot meg, så er det slitsamt. Det påverkar alt. Så det å få lov til å gjera det eg elskar mest av alt, sjølv om eg har det vondt der også, så får eg iallfall til noko. Den følelsen gir meg mykje.

Openheit

Tidlegare i år var Kristine med i TV-programmet «Den norske fattigdommen» på NRK, der ho var open om både psykisk helse og fattigdom.

Korleis har det vore å stå så opent fram om noko så personleg?

– Eg vil nesten seie at 100 prosent av det har vore positivt. 

Ho har fått mykje positiv respons, og fortel at ho har fått kring 300 meldingar frå folk som kjenner seg igjen, eller som berre vil seie at dei likar bileta hennar.

Kristine seier at det å flytte til Fyresdal var det rette for henne no.

– Det var litt derfor eg ville stå fram også. For mange sit på ting dei er veldig flinke til, men som ikkje får moglegheita til å gjere det. Eg tenker at uansett om du får pengar eller ikkje, bør det vera bra nok at det du gjer gir deg masse positivt psykisk, seier ho. 

Vågar å drøyme

Nyleg fekk Kristine støtte frå Fyresdal kommune for å etablere seg som fotograf, og investerte i nytt utstyr. – Det var veldig moro, og eg håpar folk i Fyresdal vil bruke meg, seier ho.

Kristine har flytta litt rundt etter vidaregåande. Ho har budd både i Bø, Ålesund, Oslo og Trøgstad. Tidleg i vår flytta ho tilbake til Fyresdal. No bur ho heime hos faren. 

Ho set stor pris på at faren tok i mot henne med opne armar, men føler også på at ho som 33-åring må bu hos han.

– Men eg slepp å betale 11 000 kroner i månaden i husleige. Då har eg fleire moglegheiter, og det hjelper på psyken. 

Nyleg fekk Kristine støtte frå Fyresdal kommune til å etablere seg som fotograf. Ho har mellom anna investert i studiolys og får låne yogastudio til fotografering. Ho håpar at folk vil bruke henne.

I tillegg har ho landa ein jobb i Oslo det neste halvåret.

– Det er eit draumescenario. Eg kan jobbe dei dagane eg er i form, og eg vel sjølv når eg gjer etterarbeidet.

Når ho blir spurt om ho tillèt seg å ha draumar for framtida, svarar ho at det har blitt enklare no. 

– Ein får litt meir håp når ein får litt jobb.

Kristine seier at om ho skal vere stolt av noko, må det vere evna til å reise seg – sjølv når ho har vore langt nede.

– Det kjem ein f i meg, som seier «opp igjen, prøv igjen!».

I fjor måtte Kristine stå i kø for å hente seg ei matkasse. Ho beskriv det som nedverdigande, men naudsynt. I år er situasjonen annleis. Ho håpar at openheita hennar kan gjera det enklare for andre. At fleire vågar å snakke om vanskelege ting. 

– Og så håpar eg at psykisk helse blir prioritert like høgt som ein prolaps eller eit brot, avsluttar ho.

Lego er også ein hobby Kristine har, men ho har vore redd for å snakke høgt om det. – Lego kostar, så folk kan tenke at eg ikkje har så dårleg råd. Men det folk ikkje veit, er at eg har fått det aller meste i gåver.
Powered by Labrador CMS