Stiller spørsmål: Stian Hauge (Sp) (t.v.) og Halvor Nyland (H) vil ha klare svar i prosessen rundt renoveringa av Kviteseid skule. Foto: Else Børte

Krev gjennomgang av den økonomiske prosessen rundt renoveringa av Kviteseid skule

Då Kviteseid skule blei vedtatt renovert i 2017 lydde prislappen 16 millionar kroner. Hausten 2018 var budsjettet auka til 35 millionar kroner, og i haust var summen 44 millionar. Nå stiller fleire politikarar spørsmål om korleis den endelege prisen kom opp i 48 millionar kroner.

Formannskapet har bedd rådmann Øystein Tveit gjere greie for renoveringa av Kviteseid skule.

Må svare: Rådmann Øystein Tveit har fått i oppgåve av formannskapet å greie ut om økonomi og prosess i skuleprosjektet til 48,4 millionar kroner. Foto: Else Børte

– Det er vesentleg at det kjem ei sak der rådmannen greier ut om kva som har skjedd i prosessen med dette store prosjektet. Me vil ha fleire store utbyggingar i framtida. Då er det viktig at kommunen har orden på økonomien, seier ordførar Bjørn Nordskog (Sp).

Ønsker orden: Ordførar Bjørn Nordskog (Sp) peikar på at det er viktig å ha orden på kommuneøkonomien ved framtidige utbyggingar i Kviteseid. Foto: Else Børte

Formannskapet har fått ei mellombels gjennomgang av budsjett og rekneskap (2017–2019) for opprustinga av skulen frå rådmannen.

– Det er ikkje godt å bli klok på kva kostnad den skulen kjem til å ende på, kommenterte Halvor Nyland (H).

Renovering av Kviteseid skule

– I eit dokument rådmannen delte ut i formannskapet 22. januar kan ein lesa at i 2017 var budsjettet på 300 000 kroner, resultatet enda på 401 225 kroner. I 2018 var budsjettet på 3 500 000 kroner, resultatet enda på 3 458 000 kroner. I 2019 var budsjettet på 44 600 000 kroner, resultatet enda på 42 774 161 kroner. Nå ligg budsjettet på 48 400 000 kroner, så langt viser rekneskapen 46 633 680 kroner. Rekneskapen er ikkje avslutta ennå.

– I november 2017 vart det sett av 16 millionar til oppussing av Kviteseid skule. I oktober året etter var budsjettet oppe i 35 millionar kroner. I desember blei det klart at prislappen hadde klatra til 44 millionar kroner.

Må gå gjennom fakturaer før sluttresultatet er klart

– Tilstanden på skulen var dårlegare enn me trudde. Rekneskapstala er ikkje ferdige for 2019 ennå, så dette er berre rettleiande. Endeleg sluttoppgjer med Skorve er ikkje fullført ennå. Me skal gå gjennom alle fakturaer, sa Tveit til formannskapet onsdag.

Kommunen ønsker også å selje brakkeriggen som blei bruka under arbeid for 400 000 kroner.

– Blir brakkene selt til Vest-Telemark næringsbygg, spurde Stian Hauge (Sp).

Rådmannen: – Ja.

– Då er det vel dei same personane som selde brakkene til oss, som kjøper dei. Nå til halv pris, sa Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eitt eller anna med kommunikasjonen

Stian Hauge (Sp) og Halvor Nyland (H) er oppgjevne over prosessen rundt opprustinga av skulen.

– Eg trudde me vedtok ei totalramme på 44 millionar i november i fjor. Totalt er budsjettet på 48,4 millionar nå. Det er eitt eller anna med kommunikasjonen. Det er uheldig at rådmannen ikkje kan gjera rette for krav frå entreprenørane, seier Hauge.

Budsjettramma gjekk frå 16 millionar til 26 millionar i løpet av det fyrste året. I desember i fjor var beløpet oppe i 44 millionar kroner og er nå budsjettert til 48,4 millionar. Hauge saknar betre kommunikasjon frå rådmannen og fortel at det har blitt etterspurt informasjon om opprustinga av skulen fleire gonger.

Tredobla utgiftene utan å vite til kva

– Slik kan me ikkje drive kommunen. Me har tredobla utgiftene utan å vite kva pengane har blitt bruka til, seier Nyland.

Han konkluderer med at samhandlingskontraktar på slike type prosjekt ikkje passar for Kviteseid kommune. Hauge undrar om samhandlingskontrakten blei avslutta og kva avtale som kan ha kome i staden for.

– Me bestiller sak frå rådmannen med ein oversikt over kor det har gått gale og kvifor, slik at politikarane og administrasjonen kan lære til neste gong. Me har fleire byggeprosjekt som ventar, til dømes barnehagen. Då kan det ikkje bli som med skulen, seier Nyland.

Ordknapp rådmann

Til VTB seier rådmann Øystein Tveit at kommunestyret har bestilt sak som omhandlar økonomi, prosjekt og informasjon rundt bygginga av Kviteseid skule.

– Når kjem saka opp?

– Den vil kommunestyret få når eg er klar. Me må bli ferdige fyrst, seier Tveit, som ikkje ønsker å kommentere saka meir.